mandag 13. mars 2017

Bargellokurs!

Torsdag 16.3 arrangerer vi eit kveldskurs i Bargello-teknikken på Stokkenes Gjestegard.

(bilde frå internett)

Kurset er på 4 timar , kl 18-22, og er ved Synnøve Torheim. Det er mange påmelde til dette kortkurset, men om fleire vil delta, så er det berre å ta kontakt med kursleiar Ingun. (Eit svært rimelig kurs!! )


 (Bilder frå internett)
Bargelloteknikken går ut på å sy sammen smale remser i ulike fargar, kutte dei opp på tvers, forskyve dei litt og sy sammen igjen.

Ein får fram mange flotte effekter, både symmetri og "nordlys"!
Du treng ikkje å sy så store ting, ein liten løpar som på bildet under er noko ein klarer å starte opp på i løpet av ein kveld.
(løpar laga av Mariann)

Du kan lage mindre ting som kan fellast inn i ei lita brikke, til ei kuvertbrikke mm. Når du snur same blokka, får du også ulike uttrykk slik du ser under her:
 Dette er det same bildet, kvar si retning!! (henta frå søk på internett)

Velkommen til endå eit kjekt kurs!!

Ingen kommentarer: