lørdag 27. januar 2018

Ein liten butikktur til "Eid"!


Eit lite reisebrev frå Eid!!

For dei som ikkje er lokalkjende, så er Eid "hurtignamnet" når vi egentleg meiner Nordfjordeid! Dei fleste i Nordfjord brukar dette namnet og det er lett å seie. Kommunenamnet er også Eid,.....iallefall nokre år til, for i 2020 blir vi Stad kommune !

For ein som bur i vår kommune no, så er ikkje ei reise til Eid så veldig lang verken i kilometer eller tid, men den kan være like innholdsrik som ei lang reise!!

Laurdag er for mange ein handledag for både matvarer og andre ting til heimen, og kanskje litt ekstra godt vert med heim i posane. .....og  ein liten snopetur vert det lett når ein kikar innom ein av favorittbutikkane,.....Primula Design!

No var jula  pakka bort og nye fristande varer var komne fram i lyset. Lyse vårlege fargar på mange fine stoff!

Her er heilt nye stoff som kom rett før helga, flott kombinasjon!

 I tilbodskorga var det mange flotte stoffpakkar, her kan du gjere eit godt kjøp!!
 ......og underteikna sikra seg ein vinterleg "snopepakke" i blåfargar til helga, denne vert ikkje oppeten eller drukke vekk, men vert mat for augene lenge!!



Våren er like om hjørnet  håpar vi, snart kan vi ta nedteljinga av februardagane, og då er lyse fargar godt å sjå på!

 Her er det skikkeleg vårgrønt, og Ingun er her i gang med å sy ein flott løpar der ho har brukt ein av spesiallinjalane ho har for sal.
 Linjalen heiter "Double strip ruler", og er ein linjal som har alle mål du treng for å kutte blokka.





I vindauget ut mot gata er det no utstilt fine toalettvesker, fint omkransa av interiørvarer frå butikken!

Takk for meg, ein time for fort når ein er i ein slik butikk med gode tilbod på stoff og mønster (3 for kr 100!!)......men det var ingen bortkasta time!!

God helg frå
Mariann
-leiar-
og redaktør

Ingen kommentarer: