mandag 1. januar 2018

Velkommen til januarmøtet!!

Eit nytt år er starta, med nye muligheter, nye idear og nye møter i klubben vår!!



Vi ynskjer medlemmane velkomne til årets første møte tysdag 2. januar kl 18.30  på Stokkenes Gjestegard.

Vi har "Quiltekafe" denne gongen, med kjekt arbeid og prat heile kvelden!

Som de kanskje har lese i julebrevet frå Torunn, så vil de få eit mønster til å sy eit vårleg stitchery. Då treng du å ta med:

  • Ein stoffbit, td lys lerret, som passar til mønsteret som er ca 5 x 5 inch.
  • Noko til å overføre mønster til stoff med!! Her ynskjer vi at du tek med og kanskje viser den måten du gjer dette på,...det finst nok mange gode tips å få her!
  • Brodertrå i vårlege fargar.
  • Borderiramme kanskje?
Det vert som vanleg lotteri, "Vis og fortel" og kaffi med noko attåt!

Vi har også ei ekstra oppfordring til dette møtet! Ta med deg dine første quiltar som du enten har sydd sjølv eller fått! 

Trenden i quiltinga har endra seg mykje sidan vi starta, så her  vil vi få fram dette når vi kan sjå på både fargar og teknikk. Vi lagar til ei utstilling i lokalet vårt slik at vi kan gå rundt og sjå på det heile kvelden. Vi håpar at mange tek med seg noko, så difor set vi ei grense på max 5 ting pr medlem.


Denne "gamle" julequilten viste Solfrid på forige møte!

Program for våren 2018 er no lagt ut på høgresida på bloggen her, der står matvertane, men alt program for aktivitet er ikkje bestemt enno. 

Velkomne til møte!

Ingen kommentarer: