torsdag 5. april 2018

Bilder frå aprilmøtet!

Aprilmøtet vårt vart eit skikkeleg arbeidsmøte der vi gjorde dei siste førebuingane til Regionstreffet som vi skal arrangere  komande helg.

Men vi fekk likevel tid nok til å vise kvarandre mange flotte arbeid, det meste vert nok å sjå på utstillinga vår  i Operahuset Nordfjord også!
















LOTTERITEPPET!!

Her er lotteriteppet vårt blitt klart til komande helg! Vi har sydd det på dugnad under ei helg heilt ute ved Stad-havet , og då var ulike fuglar eit flott tema å ha. Desse er sydde ut frå same mål, men med ulike syersker og ulike stoffbiter, så kom det etter kvart mange ulike fuglar fram!! Og etter kvart måtte vi utvikle modellen litt også, så der vart både småfugl og store vadefugler!!

Vi håpar alle å vinne dette, så her er det berre å ta lodd og vente på vinnarnummeret!!

 Twister-linjalen er alltid ein suksess, sjå kor vårlige løparar dette er!!





 Desse flotte teppa er sydd av medlemmar vi har frå Sykkylven. Der har dei ei gruppe som har sydd i lag etter same mønster; "In my garden".

Desse vert å sjå på utstillinga vår, truleg 8 like, men likevel ulike!!










 Fristande varer som alltid frå Sybutikken Primula Design.


Takk til matvertane for gode kaker til ein velfortent kaffipause!!

Ingen kommentarer: