mandag 2. april 2018

Velkommen til aprilmøte!

Påska er over om få timar, og då er det rett på igjen med kvardag,.....men kjekke kvardagar!



Vi startar i morgon tysdag 3. april med møte på Stokkenes gjestegard til vanleg tid.

Møtet denne gongen vert slik:

  • Synnøve vil vise korleis ho brukar kantebandsapparat.
  • Møtet vert vidare eit arbeidsmøte der vi førebur Regionstreffet som er komande søndag 8. april!
  • Ta med deg det du skal ha med på utstillinga, vi skal feste namnelappar på våre eigne quiltar, utstillingskomiteen har laga lapper.
  • Ta med deg gevinster om du ikkje har levert før.
  • Dei ulike gruppene deler seg for å jobbe/ gå igjennom oppgåver på Reg.treffet.
  • Felles info/oppsummering på slutten.

Men som vanleg vert det :
  • Kaffipause
  • Vis og fortel
  • ....og mykje kjekk syprat. Ta med deg noko å sy på om vi får ei ledig stund!!  :)

Velkomne!



Ingen kommentarer: