søndag 3. juni 2018

Sommaravslutning!

Vi ynskjer velkommen til junimøte og sommeravslutning tysdag 5. juni på Stokkenes gjestegard.

Vi skal kose oss både ute og inne denne kvelden. Vi starter kvelden ute på terrassen der vi skal grille og klubben spanderer god grillmat med tilbehør. Matvertane syter for kaffi med noko attåt litt seinare på kvelden.

Men innimellom vert det ein liten sommarleg syaktivitet som alle kan delta i! Det er handsaum og tanken er at dette du lagar, er noko som du kan få til same kvar du er,...på fjellet, i bilen, i båten,..... ganske enkelt så er dette ENKELT!!

Ta med deg:

  • Eit vanleg A4 ark, eller eit anna ark i same str. Det treng ikkje vere kvitt heller.....
  • Blyant/kulepenn
  • Papirsaks/stoffsaks
  • Minst to stoff i friske fargar
  • Ei god synål
  • Sytråd som passar til stoffet


Det vert info og påmelding til syhelga på Øyberg seter, (25.-26.8) med siste frist og bindande påmelding 1. august.

Elles vert det som vanleg "Vis og fortel" og lotteri!

Velkommen til ein fin sommarkveld i lag med quiltevenner!

Ingen kommentarer: