søndag 1. juli 2018

NLQ på "gatestand"!

Laurdag 30.6 var vi med på "Frivilligdag" i gågata på Nordfjordeid. Her kunne lag og organisasjonar ha stand og vise fram aktiviteten i laget.

Vår klubb fekk ei flott plassering midt i gata der vi laga til utstilling av små og store quiltar og varierte teknikker, men ikkje noko sal av produkt.

Vi var 2-3 på standen heile tida og vi fekk bra med besøk av interesserte. Nokre fekk gratis stitcherymønster til "Sommarbroderiet" vårt og dei fekk sjå at vi jobba med småting mens vi sat der; småhjerter, fuglar og stitchery!!


 


Takk til dei medlemmane som bidrog med quiltar til utstillinga vår, den fargerike utstillinga vart sett av alle dei forbipasserande i gata!






















Takk til Synnøve, Mona, Leikny, Berit og Anne Marit som hjelpte til med utstyr og delte på å stå på standen denne dagen i lag med underteikna!

God sommar frå Mariann!

Ingen kommentarer: