søndag 30. juni 2019

Invitasjon til syhelg i Vedvik!!

Vi ber om at medlemmane våre sjekker eposten sin!! 

Det er sendt ut invitasjon til syhelga i Vedvik som vi arrangerer helga 31.8 og 1.9.
Vi har berre kjekke erfaringar frå dei to tidlegare helgane vi har hatt der, så no gler vi oss til å samlast ute ved havet igjen!

Vedvik er markert med kvit tekst på bildet!


Vi kjem til å ha same opplegget som sist der vi leiger lokale i grendahuset, vi har med "korgamat" som blir eit flott spleiselag, sosialt samvær om kvelden der klubben spanderer mat. Drikke må medlemmane ta med sjølve.

Om nokon treng overnatting, så står det info om dette i eposten. Det går også fint an å køyre til og frå begge dagane, og er det nokon som har høve berre eine dagen, så går nok det også.

Det vert ikkje kurs denne helga, med vi legg opp til dette:

  • Du kan sy på akkurat det du vil, kanskje gjere ferdig noko eller starte eit nytt prosjekt??
  • Samsying laurdag: Klubben har kjøpt boka "100 modern quiltblocks" av Tula Pink, vi tenkjer oss at vi samarbeider om å sy nokre blokker. Blokkene er til eige bruk sjølvsagt, men det er alltid kjekt å sjå dei same blokkene i ulike stoff!
Søndag: Vi legg opp til å lære frå oss tips til restesying, vi viste noko av det på junimøtet.  Vi reknar med det er litt rester etter syinga laurdag, men elles så må de ta med restekorga dåkka!! Der er utruleg mange skatter gøymt, så no kan du få tips om kva det kan bli av dei!                                           Elna viser korleis vi kan sy fine toalettvesker av rester, så ta med deg glidelås i ulike fargar og lengder og vatt. Har du små ufoar eller blokker som kan passe til å montere i dette, så ta det med! Og så lærer vi av kvarandre litt tips om korleis vi syr i glidelås, så husk glidelåslabben!!




Desse 3 bilda over her er sydde av Elnas rester!!!

Synnøve og Mariann viser kor enkelt du syr eit midtfelt på ein løper, crazy og enkel sying, ingenting treng å være beint før vi skal montere!! Om du har veldig mykje restar i korga di, så kan det kanskje være lurt å sortere litt i fargane dine! Då ser du kanskje kva det kan bli, og kanskje supplere litt med nye stoff??



Primula Design vil stille med stoff, men om det er noko spesielt du treng, så må du ta kontakt med butikken i god tid før syhelga!!

Klubben har med to strykebord, to skjæreplater og to strykejern og skøyteledningar.

Då vil vi ynskje alle medlemmane våre GOD SOMMAR og velkomne til ei herlig syhelg ute ved havet!!



Ingen kommentarer: