søndag 31. mars 2024

Velkommen til aprilmøte!

 Denne gongen vert det "rett på" etter påska! 

(utsnitt av teppe laga av Elna)

Tysdag 2.4 er det igjen tid for å møtast att, denne gongen har vi langdag der dørene opnast kl 12! Tida fram til vanleg klubbmøte startar, styrer du som du vil sjølv. Ta med niste, kaffi/te lagar vi til.

  • Ta med deg det du held på med og sy i veg,
  • Kanskje treng du hjelp eller tips frå andre som er der??
  • Og kanskje du oppdagar at du manglar noko, då er vegen kort ned til Sybutikken Primula Design som har ope til kl 16.30!

Klubbmøtet vert frå kl 18.30-21.30, og vi ynskjer velkommen til eventuelle nye som vil være i lag med oss i klubben vår.

Program vert slik:
  • Info frå styret
  • Ingun demonstrerer et par raske blokker du kan sy, om du vil prøve må du ha med to stoff ca 25x25 cm eller "layer cake" 10x10 inch. Må være litt kontrast i farge eller ensfarga/mønstra. Til den andre blokka treng du å ha med litt rikelig med svart og kvitt stoff, 50x50 vil være nok av kvar og ei remse på 4,5 cm x130 cm. (Men berre ta med rikelig,... og symaskin)
  • Vis og fortel
  • Vi ynskjer også å sjå kva du har laga med Twisterlinjalane, små og store, så ta med og vis. Dette kanskje til inspirasjon til mailøper?? Kanskje lage noko på neste møte?
  • Stoff og utstyr frå Sybutikken Primula Design
  • Kaffipause
  • Lotteri
Har limt inn kopi av matvertlista som Asbjørg sende ut i januar, men om nokon har bytta med kvarandre, så har dei nok orden på det sjølve.


Matvertar: Berit Oppedal Jacobsen (leiar), Gunhild Øigarden, Leikny Støbakk, Aslaug Berget Alsaker.

Ingen kommentarer: