lørdag 13. april 2024

Bilder frå inspirasjonshelg ved Haldis og Elna

 Vi er så heldige å ha fleire medlemmer med svært god erfaring med ulike teknikkar. Haldis L Nesbakk og Elna Aa. Olsen har vore medlemmer i mange år og har sydd mykje og er flinke med både fargar og komposisjon.

Difor valde vi å spørje dei om å dele sine erfaringar med oss, og det enda opp med eit innholdsrikt kurs. Her hadde dei med eit stort utval av modellar som dei har sydd, og kunne rettleie alle ut frå den modellen som inspirerte dei. Ein kjempefordel for kursdeltakarane, for her kunne vi berre seie "ja takk, begge deler"!! ....og litt til!!

På kvar modell hadde dei festa ei enkel beskriving av mål og framgangsmåte, trong ein meir info, så forklarte dei. 

Bilda i innlegget er for det meste av modellar som dei hadde med som inspirasjon til oss.
























Mange ivrige medlemmar fekk sydd fleire ting denne helga. I tillegg fekk vi demonstrert tips om å sy i glidelås, quilting mm.







Bilder frå det som vart sydd vil komme på "Vis og fortel" på seinare klubbmøte. Stor takk til Haldis og Elna for all inspirasjon og hjelp!






Det er alltid god mat når vi har kurs, også denne gongen kosa vi oss i pausane!




Ingen kommentarer: