mandag 15. april 2024

Bilder frå Aprilmøtet!

 Aprilmøtet samla mange medlemmar, over 30 møtte opp og vi hadde ein flott kveld. 

Tidlegare på dagen, frå kl 12,  hadde vi ope hus for at den som ville komme for å sy, kunne få god tid til det før møtet.

Vi er begynt å ha "Vis og fortel" tidleg på møtet, deretter vert det som er vist fram lagt til utstilling slik at alle kan få sjå nærare på arbeida. Dette har vore veldig positivt og kjekt å få både studere og spørje meir om teknikken.




























Ingun frå Sybutikken Primula design viste oss korleis lage ei flott "hurtigblokk" av to kvadrat. "Arrowhead" heiter den og den er å finne på Youtube. Det kjem eit innlegg om dette seinare.


...og ho hadde med kjekke varer frå butikken!!




God mat i pausen hadde vi, takk til dei dyktige matvertane som hadde med nok kaffimat til over 30 personar!!






Ingen kommentarer: