søndag 29. juni 2014

Bilder frå maimøtet

 Mange hadde teke med seg stjerneblokker som er sydd etter mønster som vart lagt ut på bloggen i februar/mars. Du finn eitt av mønstra HER , du kan også klikke på "Mønster" under Etikettar som du finn på høgresida på bloggen, litt langt nede. Der er heile 89 innlegg med mønster om du treng inspirasjon til noko!!

Medlemmane var oppfordra til å sy ei blokk i svart/kvitt til eit fellesprosjekt til klubben. Mange hadde teke oppfordringa og leverte inn ei blokk, og vi håpar at det kanskje dukkar opp endå fleire no når dei ser desse blokkene. Vi har fått inn berre ei blokk med svart bakgrunn, du ser den så vidt oppe i hjørnet på bildet under her, vi tek gjerne imot nokre svarte blokker til! Blokkene skal vi sy sammen i felleskap når neste sesong byrjar, skal nok bli noko fint ut av dette! Tusen takk til dei som har levert blokker sålangt!



 Nokre fine vesker frå Dongeryveskekurset!










Fine vesker i bruk,.....desse oppdaga bloggred. under borda på møtet!!!!!!

 Vesker med bilder, desse hadde Primula Design med seg for visning.


 .......og så kosa vi oss med kaffi og myyykje god mat. Ikkje rart at vi trivast på møta våre!



Ingen kommentarer: