torsdag 19. juni 2014

Eit geometrisk møte!


Det vart visst eit innlegg i dag også, eit innlegg som byggjer på dei to forige innlegga. For få dagar sidan var det ikkje planer om desse innlegga, men slik er tilfeldighetene når ein tek seg ein oppdagartur ut i quilteverda med pcen på fanget! Men du verden kor kjekt det er! Håpar de som er lesarar også synest det er kjekt med litt inspirasjon.

Når ein kjem med tips her på bloggen, så synest eg det er kjekt å komme med noko der ein kan holde seg til eit tema, og å sjå moglegheitene rundt dette. Akkurat slik som det no er blitt ein serie med triangel og trekantar. Sidan underteikna er glad i både matematikk og geometriske former, så nyttar eg ofte høvet til å vise at matematikken har stor plass i quiltinga. Og har du ikkje likt matematikk i yngre år, så er det kanskje litt artig å oppdage at det er rein praktisering av matematikk når vi driv med hobbyen vår!!

Bilda er frå Pat Sloan, og mønsteret er eit gratismønster.


I dag dukka dette tipset opp på Pinterest, har du ikkje vore inne på slike sider, så linkar eg til sida HER.

Om du framleis lurer på kva "Eit geometrisk møte" tyder, så må du kikke på blokka over her. Ein matematikklærar ville juble om vi dukka opp i ein time med denne blokka! For kva ser du her??

  • Trekantar
  • Kvadrat
  • Rektangel
Og vidare,.....dette kan brukast til ei grubleoppgåve, for kor mange kvadrat ser du? Kor mange trekantar og rektangel?  (bloggred. har ikkje fasiten!! Men tek gjerne imot forslag til svar, så får vi sjå kva lesarane finn ut!! :)  )

Mønsteret til dennne blokka finn du HER, og som du ser, så er dei 4 kvadrata i hjørna sydd på same måten som er forklara i dei to siste innlegga. Legg merke til kor lyst og sommarleg teppet er med den lyse bakgrunnen i blokkene, og her er brukt mange ulike lyse stoff.

Ha ein fin sykveld !

Ingen kommentarer: