mandag 16. juni 2014

Sommarløpar!!



 Sommar!!! Herleg sommarver, snart skuleferiestart og Reiseradioen,..... kva med å sy ein lys og fargerik løpar?? Som ei vakker blomstereng no rett før jonsok!

Denne dukka berre opp på linklista til underteikna sin private blogg, og då deler ein gjerne dette med dykk andre. Be in My Bonnet heiter bloggen, Lori Holt frå Utah i USA er dama bak. Fantastisk mykje fint å sjå!
 Mønsteret er på engelsk, har klipt ut noko av måla, så det skal vere ok å forstå det ut frå tala og bilda. Alle blokkene har ein gul midt, 4 lyse kvadrat til bakgrunn og 4 kvadrat i den fargen blomsten skal være! Alle kvadrat er 1,5 inch, men det er berre å auke målet, då blir den berre større!

For EACH of the 51 blocks I cut -
1 - 1 1/2" yellow square 
4 - 1 1/2" matching squares
4 - 1 1/2" background squares
I also cut border strips;
2 - 2 1/2" x 13 1/2"
and 2 - 2 1/2" x 51 1/2"

I used 1/4 yard of white background
 and 
just under 1/2 yard of the polka dot background.
Lekker løpar! Så set i gang og sy, enten ute i sola, eller inne i den lyse natta!!

På bloggen står det også noko om ein "Syalong" som heiter "Scrappy Happy Summer", klikk på linken så ser du litt om det. Har lese litt kjapt, men er ikkje sikker på om ein må melde seg på for å få mønster. Men ut frå namnet, så ser det ut til at ein får tips om å sy av restar no i sommar!!

Ingen kommentarer: