onsdag 7. januar 2015

Bilder frå januarmøtet!

Årets første møte i klubben er over, og det var kjekt å møtast att og komme i gang med nye planer for året.
Heile 20 medlemmer gledar seg no til kurset "Weekendbag" med Andrè Wallenborg komande helg, og underteikna gledar seg til å få bilder av 20 flotte designvesker!!

Som vanleg var det mykje interessant å sjå under "Vis og fortel".
Anne Marie har sydd ein veggpynt på kurset med AnnaKa, ho har brukt den nye Log Cabin-linjalen. Rundingane har ho felt inn i eit rundt vindu, dette fekk dei også lære på kurset. Legg merke til "dekorbandet" rundt kanten, det er ei vanleg snor i matchande farge som ho har sikka fast. Lurt!
 Eit flott dekorband nederst gjer dette til eit flott oppheng!


 Hilde har sydd adventsløpar på kurs med Bente Malm, Tri Recs linjalen er brukt her.
 "Nissegrøten" , mønster av AnnaKa.
 Ingebjørg har sydd denne løparen, mønster frå Quiltemagasinet.


 Haldis har sydd desse eksklusive oppbevaringsmappene til bestikk. Ho har sydd desse til døtrene sine, og dette blir nok eit klenodium for dei fordi det her er brukt arvegods etter bestemora. Gamle broderi, lindukar og fine blonder er sett nydeleg saman! Ting som elles ville blitt liggjande i ei skuff, har no fått nytt liv. Vakkert!




 Juleoppheng etter mønster frå ei Tildabok, julebok frå 2003.
 Løpar sydd av Mariann på eit kurs med Siv på Lappestua-Eid.
 Aud har brukt den nye Log Cabin-linjalen.
 Mariann har gjort ferdig ein gammal UFO, frå kurs med Hilde Neset i 2008, "Dobbelsidig Weekend".

 Solfrid har sydd desse to flotte bilda etter mønster frå eit tysk blad.
 Frå kurs med Ati, Crazy Quilt.
Solfrid har sydd konfirmasjonsgåve med motiv "Tvillingane", eit stjerneteikn.
Reidun har sydd stjerneløpar, denne lærte vi av Laila U P på eit klubbmøte i haust.

Ingen kommentarer: