søndag 4. januar 2015

Kreative Randi!

No er det på tide at Randi får ei eiga omtale her. I fleire år har ho inspirert og overraska oss med dei flottaste quiltar og mange store tepper i fine mønster. Ho er allsidig og lagar alt frå bruksting som vesker og toalettvesker, til veggpyntar, løparar og til store og små tepper.

Randi let seg ofte inspirere av mønster frå bøker og internett, og ulike teknikkar med linjalar, men det ho er spesielt flink til, er å bruke sine eigne fargar og set dei saman utruleg fint.

Like ofte manglar Randi mønster til det ho vil lage, og då kjem den kreative sida hennar fram. Ho tegnar og set saman eigne mønster. Motiva finn ho over alt, det kan være barneteikningar, ein fin kalendar, internett, blomster,..... ho kjem med stadig nye ting til "Vis og fortel" på medlemsmøta våre. Ja vi er alltid spent når ho kjem med ein velfyllt bag, då gleder vi oss til å sjå!

Som den flinke designaren ho er, så har ho også laga mønster for salg. Løparen på bildet under er eitt av mønstera hennar, denne har ho også halde kurs i for medlemmane i klubben. Mønsteret får du kjøpe hos Primula Design.

 
Denne løparen har ein av medlemmane i klubben sydd etter Randi sitt mønster.

 
To nydelige løparar med sommarfuglar.


 Vårleg roseløpar!

Ein stilisert fargeglad løpar med blomster og fuglar.

Ho har også hatt ein "kalendar-along" i klubben vår. Inspirert av ein kalendar med teikna dekor, så gjorde ho kvart kalendarblad om til ein liten quilt, med applikasjon og stitchery. Kvar månad fekk vi mønster ho hadde laga, og med ein ferdig quilt som inspirasjon.

 Denne "Januarquilten har også ord til ettertanke: "Da vinteren var på det mørkeste, oppdaget jeg en sommer i mitt indre".

Ei fin dåpsgåve! Eller til bryllaup som på bildet under? "Bryllaupsminner" står det med skrift på.



Randi lagar seg vesker etter behov, og det er som regel eige design, og med mange lure detaljar. Ein skipssekk har ho også laga, bildet under her.

Denne stjerna under her, er laga med linjalen "Day and night". Ho har brukt teknikken til å lage kuvertbrikkene/Mug Rugs.

 Både løparen og teppet under her, er også laga med linjalen.


Randi sine fargeval er spesielle, men i ei nydeleg samansetjing. Sjå berre løparen under her, kor fint det raude stoffet markerer stjerna.
Og om linjalen lagar berre ein sort stjerne, trur ein,... så set Randi samen ulike modular, store og små, border og nye farger, og vips, så har ho skapt endå eit kunstverk! 
Nydeleg teppe under her Randi!!

 Dette teppet har ei stjerne som visst heiter Serendipity! Vil du vite meir om den teknikken, så finn du mange bilder og tips HER. HER er mønster på PDF og HER er video på YouTube.
 Om eg ikkje huskar heilt feil, så er dette eit teppe som er sydd av restane etter det øverste teppet.......veldig fint resteteppe!


 X-block linjalen har ho også leika seg med. Mønsteret bølger seg over stoffa, og ho har brukt stoff i melerte fargar. Utsnitt av dette teppet er brukt i headingen på bloggen vår.




Randi har også teke på seg å være ein av kursholdarane våre ved årets Vestlandstreff som vi arrangerer i oktober. Kva som vert kursinnholdet då, vil komme på bloggen til Vestlandstreff i januar/februar.

Til Randi:
Takkar deg Randi så mykje for all inspirasjon du gjev oss alle, det er kjekt å ha deg i klubben vår!


Ingen kommentarer: