torsdag 1. januar 2015

Godt nytt quilteår!!

Godt nytt år til alle quiltevenner, no har vi heile 365 nye quiltedagar til disposisjon og produksjon!!

Med ein ekte quiltekalendar frå Threadbare Creations, så er det berre å planlegge quiltedagane i januar!

Den 6. januar må du huske at då er du invitert til Quiltemøte på Stokkenes Gjestegard kl 18.30. Då er det Quiltekafe med lopper!  Vi prøver igjen og tek med stoff og andre quilterelaterte ting som vi har til overs. Husk å merke med pris. Auksjon av noko kanskje?

Helga 9.-11 januar vert det kurs med Andre Wallenborg, "Weekendbag". Sjekk med kursleiar om det er ledige plassar om du ikkje er påmeld!

HER lastar du ned kalendaren.

Ingen kommentarer: