søndag 27. januar 2019

Bilder frå januarmøtet!

Året 2019 er i gang att og på siste møtet var det som vanleg mykje fint å sjå. Og overraskingar kjem det alltid.... "Vis og Fortel" er ofte kveldens høgdepunkt!!


Det var "Quiltekafè" på dette møtet og vi hadde også stitchery på agendaen. Alle fekk utdelt eit lite vintermotiv og Gitte gav gode råd. Ho hadde også med seg mange motiv ho har sydd.  Ho brukar for det meste 2 tråder Moulinégarn når ho syr. Mange fine motiv og gode tips om bøker med slike mønster.


Ein gammal ufo vart ferdig, blokka vart grytleapp!

Mariann har sydd liten duk etter papirmønster frå boka "Det kimer nå til lappefest" av Kari Melsom.



Synnøves flotte "Lommeteppe"!

Eit flott og fargerikt teppe sydd av Solfrid!




Anita har håndsydd dette!!!! Japansk bretteteknikk! Og det skal bli stort nok til dobbelseng,...imponerande arbeid!



Sybutikken Primula Design med flotte varer!



Elna har sydd denne løperen, alle stjernemotiva er handsaum over papirmaler. 



Toruns "Hunter Star"-blokk, kurs med Helle L for nokre år sidan!



Alltid god mat på møta våre, tusen takk til matvertane!!


Ingen kommentarer: