søndag 20. januar 2019

Quiltearrangement!

På eige initiativ har eg som driv bloggen her og Facebooksida vår, laga ei Facebookside som er kalla "Quiltearrangement". Sida har ikkje noko tilknytning til klubben vår, men eg tillet meg likevel å publisere litt info om den her fordi eg når mange.



Eg har lenge sakna ei samleside der vi kan finne info om quiltearrangement rundt om i landet. Ofte får vi vite om det etter at fristen for påmelding er ute eller det er fulltegna. Vi har mange flotte tiltak rundt om, nokre finn vi omtala i quilteblada våre, medan andre får vi vite om ved tilfeldighet. Vi har også quiltelag som arrangerer egne kurs for medlemmane sine, nokre gongar opnar ein opp for at andre også kan delta om kursa ikkje er fulle. 
Det er kjekt å gå på kurs og lære av både kursleiar og kvarandre, og eg synest det er viktig at kurs som blir arrangert, også kjem i gang. Det er då det er viktig at kursa er godt annonserte, slik at den som vil og kan, får høve til å melde seg på.
Sida på Facebook vert berre som ei oppslagstavle der eg samlar info og legg ut, så om noko vert feil eller endra, vil eg gjerne har info om det. Er ingen Facebookekspert, så tek gjerne imot råd om det trengs!! 
Håper alle quiltarar no kan glede seg litt ved å sjå på denne fristande "godteposen" med mange arrangement i 2019! Vil gjerne ha info om fleire kurs ol. som blir arrangert, og spesielt nord for Trondheim!!! Bruk då melding på Facebooksida eller epost hatlene@online.no

Her er ei liste over arrangement som eg har laga ut frå annonserte datoer, meir info om arrangementa finn du på Facebooksida der det er linka til offentlig info.

mvh

Mariann L. Hatlenes

  • 26.1          Quilting i Østerled, Kalnes 
  • 1.-3.2.       Syhelg, Voss
  • 16.2          Linjalkurs, Elverum
  • 22.-24.2    Syhelg, Surnadal
  • 15.-17.3.   Årsmøte NQF, Sundvolden
  • 5.-7.4.       Quilteweekend, Savalen
  • 26.-28.4.   "Kom å sy", Klækken
  • 26.-28.4.   Kurshelg v/Quiltegården, Røros 
  • 13.-15.6    Kurshelg v/Karmaquilt, Nesbru 
  • 12.-20.7.   Utstilling, Mora, Sverige
  • 22.-25.8.   Quilt Camp Norway; Gardermoen
  • 27.-29.9    Syhelg, Tønsberg

3 kommentarer:

Elin sa...

Veldig bra initiativ, Mariann!

Unknown sa...

Eit supert iniativ👍😊

Turid sa...

Så kjekt!