lørdag 5. januar 2019

Les om quiltaren Eldrid i lokalavisa Fjordenes Tidende!

I lokalavisa Fjordenes Tidende som i hovudsak dekker ytre del av Nordfjord, finn vi under "Tilbakeblikk i 2018" eit flott stykke om quiltaren og tekstilkunstnaren Eldrid Røyset Førde frå Bremanger. Ho er ein av våre tidlegare medlemmer og mange kjenner nok henne att frå då vi arrangerte Regionstreff våren 2018. Då hadde ho foredrag og fortalde om reisa ho hadde til eit stort quiltetreff i Russland, bildet under her er hennar private frå denne turen.

Teksten er kopiert frå nettavisa til Fjordenes Tidende. God lesnad!!


Quilting: – Datamaskina og internett har spela ei stor rolle i «quiltekarrieren» min, seier Eldrid Røyset Førde. Her er ho i Russland på ein internasjonal festival. Alle foto: privat 

Eit unikt quiltemønster, deltaking i eit amerikansk tv-show og oppdaginga av internett har gjort at Eldrid Røyset Førde (66) har lappa saman eit teppe av vener over heile verda.  
– Det starta først med nokre grupper på Yahoo som ein kunne melde seg inn i, og då fekk ein venner over heile verda med felles interesser, fortel den pensjonerte læraren frå Bremanger.
No held ho kontakta med quiltevennane gjennom Facebook. Der får ho også inspirasjon til å reise rundt på internasjonale quiltefestivalar, som den ho nyleg var på i Russland.
– Det var russiske Facebook-venner som hadde posta bilde av utstilling med quiltar utover marka – quilted field. Det var så spesielt at eg måtte bort og sjå, fortel Røyset Førde.
Internasjonale quiltefestivalar har ho også vore på i Birmingham i England, og Houston i USA.
– Då vi reiste til Russland vart eg overraska over mottakinga vi fekk. Eg kjende ikkje nokon, og reiste i lag med mannen og dottera mi. Dei var så imøtekommande. Quiltarar er jo ofte kjekke folk, og i og med at ein har felles interesse, så har ein mykje å prate om, seier ho.
– Eg innser at mykje av det spennande eg har fått vore med på, ikkje hadde vore mogleg å få til utan internett og det kontaktnettverket som eg har fått der, seier Eldrid.

Kameleonquilt på TV

Quilting er ein avansert lappeteknikk, der ein syr saman stoffbitar i ulike intrikate mønster, gjerne til brukskunst. Og Eldrid har kome opp med sitt eige originale design – kameleonquilt.
– Eg begynte å lage mønster av ting eg har laga for å selje. Dei mest populære var quiltane med flippar som kan brettast så dei skiftar utsjånad. Det var noko heilt nytt. Ei venninne i USA sa eg burde sende det inn til eit populært TV-show i USA som viser fram ulike måtar å lage patchwork på.
Resultatet var at Eldrid vart invitert til Hollywood for innspeling av ei episode til den siste sesongen av Simply Quilts i 2005.
– Programleiaren synest det var kjempeflott. Berre å reise bort dit var ei oppleving – å få vere i studio og oppleve omgjevandane, smiler ho.
Etter programmet var Eldrid glad ho alt hadde ei heimeside på engelsk.
– Ja, det har gått mest mønster på engelsk. Eg har sendt mønster til heile verda. Då det var reprise på episoden, i Australia til dømes, så merka eg det fordi då kom det ein haug med bestillingar på mønster.

Bestillingsverk

Interessa for lappeteknikk og quilting fatta Eldrid på slutten av 1980-talet.
– Eg såg ei «log cabin-blokk» og tenkte at dette såg lett ut, så dette greier sikker eg. Og det gjorde eg.
Snart venta meir intrikate mønster, og bestillingsoppdrag.
– Dei seinare åra har eg lage ein god del bestillingsverk som eg ikkje har stilt ut. Det har gått i til dømes kyrkjetekstil, fortel ho.
Ein finn derfor messehaklar og antepedium til preikestol og lesepult, som Eldrid har laga, i dei fleste kyrkjene i Bremanger. Ho har også lært vekk det ho kan.
– Eg har halde ein del kurs og foredrag i quilting tidlegare gjennom Norsk quilteforbund, i Norge, Sverige og Danmark, fortel Eldrid.
Helsa gjorde at ho ikkje kunne halde helgekurs lenger, men ho gjekk då over til å halde kurs online.
– Eg har hatt leddgikt sidan eg var unge. Det har gått greitt sidan eg har vore ganske bra i fingrane og hendene.
– Held hobbyen sjukdomen i sjakk?
– Det å bruke fingrane og dei små bevegelsane er jo trening. Og så seier dei at når ein held på med noko ein er interessert i, så gløymer ein smertene fordi ein er så oppslukt av det.

Ingen kommentarer: