fredag 5. februar 2010

Bruk bloggen!

Det har etter kvart blitt mange flotte bilder av arbeid på denne bloggen. Eg prøver å legge ut det meste av det som vert vist på møta, men til vanleg vert det ikkje skrive noko om kven som har laga quilten og kvar mønsteret kjem frå.

Av og til får eg slike spørsmål om ting som er laga, det skjedde på siste møte og då er det kjekt å finne fram til den som kan bidra med informasjon.

Difor tenkjer eg no at dersom det er nokon som vil etterlyse noko, så kan de BRUKE BLOGGEN til dette. Kontakt meg på eit eller anna vis, så legg eg ut bilder med etterlysing.
Dette flotte teppet var det spørsmål om på siste møte, det var vist på novemermøtet 2009. Og vi fann ut at dette var egendesigna av Aud Saltkjel. Kjempeflott teppe! Og ho fortalde at for å få det rette stripete stoffet, så kjøpte ho eit sengesett på Europris!!
Mange kjenner nok att denne løparen, men til dei som lurer, så er denne designa av Randi Røys. Mønster til denne er å få kjøpt hos Primula Design.
God helg frå Mariann

Ingen kommentarer: