torsdag 4. februar 2010

Klubbmøte 2. februar 2010

Jubileumsmøte! Klubben vår er 15 år no i februar! Og den er sprek som ungdommar flest!!
Denne gongen overraska vi medlemmane med spekemat og salat i tillegg til kakene som dei ansvarlege hadde med seg. Eit flott bord vart det, og det smaka skikkelig godt (hmmm det viser på fata! Var ikkje først ute med kameraet her!). Det gjekk unna med all maten, for over 40 av medlemmene hadde møtt fram til møtet. Kjempebra!
Seinare på kvelden vart det presangar til alle frammøtte, restlageret vårt med sølvpins/smykke vart delt ut.



Merete sitt nydelige barneteppe! Rett og slett eit drømmeteppe for ei lita jente!





Elna sin flotte syboks!

...og Synnøve har SYDD bilde av systera si! Teknikken vart lært på kurset med Pelse Asboe.






Anne Marie si eksklusive veske, denne skal ho gi bort i presang!


Berit si mobilveske.

Ingen kommentarer: