torsdag 18. februar 2010

Regionstreff

Bildet er frå bloggen til arrangøren.

Årets regionstreff nærmar seg og vi har fått invitasjon frå naboen vår Gloppen lappe- og quilteklubb.

Treffet vert på Sandane 18. april, og sidan det vert arrangert så nær oss, så håpar vi no at mange kjem til å delta. OG Å DELTA I UTSTILLINGA!!! For vi syr og viser fram så mykje fint gjennom heile året at vi sikkert kunne fylle heile utstillinga deira! Så herved oppfordrast alle medlemmer å sjå over kva de kan tenkje dykk å stille ut, små og store ting, det er ingen krav til dette.



Arrangøren ynskjer at vi kjem med felles påmelding frå klubben innan 15. mars, så på medlemsmøtet i mars kjem vi til å lage til påmeldingsliste. Dei som ikkje kan komme på møtet men vil delta på treffet, må gje beskjed til leiar Inger Lise (ilrand@online.no)



HER er link til invitasjonen frå Glopparane!

Ingen kommentarer: