fredag 12. februar 2010

Lappestua på Facebook

Nokre har kanskje oppdaga dette i forige innlegg der eg har linka til Lappestua, men no er altså Siv med butikken sin Lappestua komen på Facebook.
Denne sida vil fungere om lag som ei heimeside/blogg der ho vil legge ut bilder av varer i butikken, annonsering av tilbod og kurs. Allereie neste helg har ho kurs med Anne Beier Finnestad, og ho skriv at der er ledige plassar enno!!

Det er nok mange av oss medlemmer som ikkje er registrerte på Facebook, men det går fint an å registrere seg der utan å vere ein aktiv brukar/skribent der. Men ein må vere registrert for å komme inn på all infoen ho legg ut. Det einaste ein skal gjere etter å ha registrert seg med namnet sitt/infoen er å melde seg som tilhenger. (Viss dette er feil, skal eg endre teksten her, men eg har forstått det slik).
Så gratulerer Siv! Det var kjekt å få med deg også i den fine PR-en vi kan legge ut her!

Ingen kommentarer: