lørdag 1. februar 2014

Februar!!

Februarmøtet nærmar seg!
Tysdag 4.2 møtest vi att på Stokkenes Gjestegard,.....til kjekt samvær der vi får inspirasjon, får diskutert mønster, stoff og fargar. Vi får sett det siste nye frå dei to butikkane våre, og kanskje også får brukt litt pengar der! Eller berre det å være i lag gjer godt! Slike kveldar er så kjekke på mange måtar, for vi treng denne møteplassen der vi deler vår interesse med andre.

Vi håpar at komande kveld også vert gjevande for medlemmane. 

Aktiviteten vi legg opp til denne kvelden er å sy oss namneskilt. Dette treng vi no når vi skal ha to store arrangement, i vår og neste år! Regionstreffet er i april, så no tenkte vi at også namneskilta våre skal verte ferdige i god tid. 
Vi kjem til å kome med forslag til ein modell som er enkel å lage, den er handsydd. Dette må du ta med deg:
  • Stoffrestar, litt lyse og litt mørke, nokre ensfarga, og nokre med smått mønster. Du treng kanskje ikkje meir enn 2-3 stoff, men det er godt å ha noko å velje mellom.
  • Tynn kartong, td "pizzaøskje", "majonesøskje"
  • Limstift
  • Papirsaks og stoffsaks
  • Ein liten bit bordfilt (det ferdige namneskiltet blir under 10 cm høgt/bredt)
  • Sysaker
  • Litt mørkt moulinegarn eller Dmc nr 12 til brodering
Etter kaffipausen har vi tenkt at dei ulike gruppene som vi har sett opp til Regionstreffet, samlar seg til orientering og planlegging. Vi håpar også at dei ulike gruppene vil orientere til alle  om arbeidet sitt sålangt. 
Velkomne!
Her er kalenderblokka vi ein gong laga i klubben. Har du ikkje laga den, så finn du mønsteret HER!


Ingen kommentarer: