tirsdag 11. februar 2014

Regionstreff i Sogn og Fjordane!

Klubben vår har teke på seg å arrangere eit stort treff for quiltarane i regionen vår! REGIONSTREFF!

Her er invitasjonen som har gått ut til quilteklubbar i fylket vårt og til klubbar som ligg litt nord for oss og litt aust  for oss. Vi har også sendt invitasjon til enkeltpersonar som vi kjenner til, men om nokon les dette og har lyst til å delta, så er dei hjerteleg velkomne!! Sjå då info lenger nede på innlegget her!

Vi har hatt dette arrangementet før, og vi gleder oss til å sjå att "gamle kjende"!



QUILTETREFF
Nordfjord Lappe-og Quilteklubb
inviterer til
Regionstreff for Sogn og Fjordane 6. april 2014
Operahuset Nordfjord 
på Nordfjordeid


Program:
10.00 
Registrering, opphenging av tepper m.m. 
Butikkane opner 
Det vert høve til å kjøpe brødmat og kaffi/te mellom kl. 10.00 og 12.00.
12.00
«Quilting i form og farge»
- foredrag av Kari Rindal Eide.
Etter foredraget vert det bestemt kven som skal arrangere treffet i 2015.
13.00
Middag.
14.30
Utstillinga opnar for publikum. Loddsal, åresal og kafè.
16.15
Trekking av lotteri. 
17.00
Avslutning.


Vi i Nordfjord Lappe – og Quilteklubb håper at riktig mange vil finne vegen til Nordfjordeid denne dagen. 
Vi håper også at mange har produkt dei vil vise fram.

Deltakaravgiftkr.200,- 
Kontant betaling ved inngang.
Prisen inkluderer middag og foredrag.

Bindande skriftleg påmelding innan 15. mars

til Nordfjord Lappe- og Quilteklubb v/
Hilde Strøm Os, Osvegen, 6770 Nordfjordeid 
hildebjorg_os@hotmail.com

Linda Honningsvåg, Hjelle, 6770 Nordfjordeid 
linmaho@gmail.com


NB! Ver vennleg å melde på arbeida innan fristen, slik at vi kan berekne kva vi treng av plass for best mogeleg presentasjon.

VELKOMEN TIL QUILTETREFF!


HER KAN DU FÅ OVERNATTING OM DU TRENG DET:
Overnatting på Nordfjordeid: Nordfjord Hotell Tlf. nr. 57 86 33 33 Kr. 700,- pr. person i dobbeltrom. Kr. 1000,- for enkeltrom.
Bryggen Hotell Tlf. nr. 57 86 06 22 Kr. 645,- pr. person i dobbeltrom. Kr. 790,- for enkeltrom.
Skipenes Gard Tlf. nr. 57 86 08 24 Kr. 1400,- for hytte med fem senger.

Ingen kommentarer: