lørdag 15. februar 2014

Torsdagskurs i Crazy Quilt



I slutten av januar hadde vi eit koseleg kurs med Marie Myklebust. På 3 timar ein torsdagskveld viste ho korleis ein syr Crazy Quilt blokker på ein enkel måte. Metoden med å skjære gjennom ein "stabel" med stoff er velkjent for mange, og den er beskrive i mange bøker, ma. i danske Klematisbøker. 
Bilda over og under er Marie sine kursmodellar, den flotte duken over har ho lånt av ein annan quiltar.
Men det er akkurat det å komme i gang med ein teknikk vi treng eit lite puff til, og når vi då får vist teknikken, og får lure tips, så var det berre å sy i veg. 

Og gjerne finne sin eigen veg slik som underteikna gjorde!! For det kan lett gå i surr når ein skal bytte om stoff, og så passe på at det ikkje kjem to like stoff ved sida av kvarandre,....... då må ein kanskje bytte endå meir!!! Kvar Crazy-ordet kjem frå kan ein no lure litt på, for syersken kan vel kanskje også bli litt crazy når alt det skeive går på skeive..........












Bildet over og under her er Marie sine modellar.







Vi takkar Marie for eit triveleg kurs igjen, og for god vegleiing i fargar og teknikk på ein svært så travel kurskveld for henne, men kjempekjekt for oss deltakarar!

Ingen kommentarer: