søndag 16. februar 2014

Quiltekroken legg ned!

På Facebooksida til Quiltekroken vart det i går lagt ut melding om at dei no legg ned drifta si. Det er trist å lese dette, for sjølv om vi bur fleire timars reise unna, så er Quiltekroken ofte første stopp for oss når vi ein sjeldan gong er i Bergen. Ein fantastisk butikk som kjem til å bli sakna, flotte modellar og svært hyggeleg personale. Og ikkje minst må dei ha all honnør for den fantastiske måten dei stiller ut stoff, modellar, mønster og småting,.... verdensmestrar er dei!

Når dei no har bestemt seg for dette, så må vi få takke for alle gongane både underteikna og medlemmane våre har vore innom der. Ikkje minst vil bloggred. få takke for ALLE dei gongane  eg har vore innom butikken og har fått lov til å ta bilder. 3 gongar vart det i 2013, bilda har lege på vent til bloggen vår, no kjem dei på rad og rekke her, desverre litt for seint. Det er vel lite truleg at dei hadde berga butikken om dei hadde kome før, så de får heller kose dykk med alle bilda og skrive ei helsing til Quiltekroken på sida deira.
Quiltekrokens Facebookside

Vi skulle gjerne handla meir, men alle skjønar at dette ikkje er vår nærbutikk. Vi har våre to gode butikkar på Nordfjordeid, Lappestua og Primula Design, og det er nesten utruleg at vi har dei! Så her kjem oppfordring til alle quilteinteresserte: BRUK DEI, for når dei ikkje går i Bergen sentrum, då er dette eit lite varsko! Butikkane våre har eit fantastisk utval av stoff og mykje gode tilbod. Så handle lokalt og mindre på nett!!

Her kjem eit ras av bilder, teke i juni, september og oktober 2013.







































 Sytreff i kjellaren, dette har vore kvar onsdag, ope for dei som hadde lyst til ein møteplass. Kjekt tiltak som no desverre forsvinn. Helser til desse kjekke damene som eg fekk møte!





















2 kommentarer:

Trines hobby sa...

Det er trist at stadig flere quiltebutikker må stenge. Her i Molde har Syskrinet opphørssalg denne uka, så vi mister butikken vår. Jeg er enig med dere STØTT Opp OM NÆRBUTIKKANE!

Edny sine puslerier sa...

Det er ei trist utvikling, men ein butikk kan ikkje gå utan at det er nok handel. Er det nettet som har skulda, eller det vi som syr for lite? Når det ikkje går i ein så stor by som Bergen, så kan vi begynne å lure. Til og med Nordisk Quiltetreff er avlyst;( All ære til dykk i Nordfjordeid, som greier å halde liv i to quiltebutikkar!