Desse bøkene er kjøpt inn til klubben no i januar. Nokre vart utlånt på årets første møte, men minner samtidig om at når vi har nye og populære bøker, så bør ein huske at lånetida er 1 mnd.
Dvs. at du bør komme med den på neste møte! Du kan sjølvsagt låne den lenger dersom ingen andre vil låne den!
Og dersom det er ei bok du gjerne vil låne, men som er utlånt, så sei ifrå. Då kontaktar Mariann lånaren omgåande (!!) så du får den så fort som mogleg.
Det er også lurt å kikke i bokhylla di om der ligg ei bok som du har gløymt å levere inn.
Siste nytt om bøkene våre: Vi skal ha bokslepp på maimøtet!!! Kva det betyr.....?? Då må du møte opp og få med deg hendelsen! Seier ikkje meir......
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar