lørdag 5. mars 2011

Årsmøtehelg!


Velfortente blomster til dei som gjekk ut av styret.

Eit vellukka årsmøte er vel i hamn! Det var godt frammøte til fellesfrukosten vår på hotellet, totalt var vi 23 som kosa oss i 1,5 time med nydelig mat.
Litt fleire var vi då årsmøtet byrja, og som vanleg er vi flinke til å diskutere saker som gjeld aktiviteten i klubben vår. Og heldigvis klarer vi også å verte einige!

I år har valnemda jobba godt, for 3 gjekk ut av styret og dei klarte å skaffe nye i alle verva.
Leiar Inger Lise Strand, kasserer Ann Margret Myklebust og kursleiar Aslaug B Alsaker gjekk ut av styret.
Desse nye kom inn:
  • Leiar: Anne Marie Holsvik
  • Kasserer: Laila S. Brekke
  • Kursansvarleg: Siv E. Smørdal og Inger Lise Strand

Ingen kommentarer: