Vi fekk innføring i ulike måtar å dele opp stoffa i, her er det fleire skeive kutt som vert sett saman og gjev flott effekt.
For å oppnå litt liv i ein slik løpar, vart det sydd 3 eller fleire stripesett i same breidde, men med ulike striper. Skal løparen være lang, må ein sy fleire stripesett.
Rett plassering av fargar gjev fantastisk resultat. Denne veggdekoren har Birthe laga og som de ser på bilda under, så brukar ho mykje einsfarga stoff. Dette er bevisst fordi stoff med mykje mønster på stel merksemda frå fargane. Og den minste bit vert brukt!
Vi fekk også sjå at svarte stoff ikkje er like svarte! Her er ein løpar ho har sydd av svarte stoff, og i lag dannar dei eit svart fargespel.
Så sette vi i gang! Om vi ikkje hadde lange remser av restestoff med oss i dei rette fargane, så kutta vi striper frå ca 2 cm til 4 cm og sette i gang med syinga.
Og vi sydde og sydde, og sjølvtilliten steig etter kvart som timane gjekk.
Kvifor???
Jau, denne dama skapte stor sjølvtillit hos oss alle, for stadig vekk høyrde vi det ljoma i rommet: "Ikkje tenk! Ikkje tenk! Peisa på!! Det er ikkje noko som er gale! Alt kan fiksast!"Å få høyre dette og så erfare at vi etter kvart skapte våre eigne skattar, var berre herleg! Så ei oppmoding til alle, ta med dåkke denne innstillinga i møte med andre, små eller store, å møte ein optimist gjer ein godt! Tusen takk Birthe for orda dine!!
Her er ein del av bilda frå arbeidet og det vi fekk sydd av toppar til løparar og vesker.
Ei frisk kuvertbrikke sydd av Ingun, den ferdige brikka ser du HER.
Haldis laga MugRug av små restar, HER finn du dei på bloggen hennar!
Elna sydde ein nydeleg juleløpar av restar ho hadde liggande. Innimellom dei langsgåande stripene vart det sett inn eit smalt stripesett der stripene gjekk på tvers. meir skal det ikkje til for å skape liv!
Her er det vist to andre måtar å felle inn stoff på for å få fin effekt. Over er Lailas vårlege løpar der eit stripesett er felt inn på løparen, og under er stripesettet felt inn i enden på løparen.
Andre ting vi vart gjort merksame på, var at løparane fekk ulike uttrykk med val av rammer. Vi kunne ha lukkekant kun rundt stripene, eit einsfarga felt rundt heile stripesettet eller berre på sidene. Og ville du ikkje ha ein bein løpar, ja så var det berre å kutte litt på sida og gjerne ha på eit skeivt endestykke i tillegg.
Vi tør vel å kalle dette ei god og skeiv helg??? Tusen takk for eit kjekt kurs Birthe, anbefaler henne til andre quiltelag som treng eit kurs med moro og piff!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar