søndag 2. februar 2025

Velkommen til Februarmøte!

 Det er tid for å møtast att, og no tysdag 4.2 opnar dørene kl 12. 

Ta med deg symaskin og ha ei fin systund i lag med andre fram til vanleg klubbmøte startar kl 18.30. Vi vil også i lag gjere lotteriteppet vårt klart for quilting denne ettermiddagen.

Du må ha med deg niste til "langdagen", kaffi/te vert laga til.


Bildet er frå Lugnagatan.net

På klubbmøtet skal vi ha fokus på "Stitchery", så vi håpar at alle tek med seg noko å sy på, dette vil også være inspirasjon for andre. Om du har bøker eller gode motiv, så ta med deg , her kan du få deg mange nye idear!!  Ta med deg lyst stoff og brodergarn!

NB!! Om nokon har gode motiv til å lage "namnelapp" til å ha på baksida til store quiltar som vi lagar, kom med tips til oss. Ta gjerne med deg teppet der du har sydd den på!!



bilde frå Etsy.com



Bilda over her er frå Pinterest.

Fleire tips HER  og HER!


Elles vert det vanleg klubbkveld med:

  • Info frå styret om årsmøtet og jubileumstreff.
  • Påmelding til årsmøtekurs
  • Vis og fortel
  • Lotteri
  • Kaffipause
  • Fristande varer frå Primula Design??
Matvertar denne gongen er:  Anita Karadas (leiar), Bodil Johnson, Svanhild Myklebust, Berit O.l Jacobsen.

NB! Husk å betale medlemskontingenten for 2025 snarast, då har du stemmerett på årsmøtet!!

Velkommen til alle, nye medlemmer er velkomne heile dagen til å sjå kva vi gjer på!!