mandag 3. november 2025

Velkommen til novembermøtet!

 Tysdag 4. november inviterer vi til klubbmøte på Stokkenes Gjestegard.

Det vert vanleg klubbmøte frå kl 18-30-21.30, men om nokon ynskjer å komme tidlegare på dag, så kan Berit låse opp etter avtale.  Den som ynskjer dette sender ei melding til Mariann på tlf 95869301, så avtaler vi tidspunkt for opning!

På dette møtet skal vi være litt kreative, og med tema jul, så skal vi pusle litt med små lappar og lage julekort eller små bilder! Her tenkjer ein storleik som passar i ein vanleg konvolutt.

Det du treng å ha med deg er:

  • Stoffbitar frå restekorga i fargar du vil nytte
  • Eit passande bakgrunnstoff
  • Vlisofix
  • Saks
  • Til pynt: moulinegarn, gull- eller sølvtråd, perler, blonder, brodernål.........
Sjå kva restar du har!


Mariann har laga to dømer på korleis ein kan lage dette, bilder rett under her. Desse bitane er berre plassert og ikkje ferdig!!

Dei andre bilda er døme henta frå Pinterest.



Bildet under her er to liknande døme som Elna har laga tidlegare.


Her frå Pinterest:












Elles vert det vanleg klubbmøte med:

  • Info frå styret
  • Lotteri
  • Vis og fortel
  • Sybutikken Primula Design tek med stoff og utstyr, også Vlisofix!!

Velkommen til gamle og nye medlemmer!!