mandag 1. desember 2025

1. desember!

Det er adventstid, og jammen trur eg at det blir kalender i år også! På ein måte er det for underteikna ein omvendt kalender, for eg har stor glede av å finne fram bilder til inspirasjon for andre. Eg har laga slik kalender nokre år no, så om du vil ha mange tips, så søkjer du på "Etiketter" med  orda advent22, advent23, advent24. Dei fleste tipsa kjem frå Pinterest.

Akkurat dette er det denne tida fram mot jul handlar  om: det er forventingar og med håp om å kunne glede nokon!

Så nyt førjulstida med hobbyen dykkar, og veldig kjekt om de legg att kommentarar på Facebooksida vår der de fann linken til denne bloggen.

                            Førjulshelsing frå Mariann L.Hatlenes, bloggredaktør.


Å lage julegåver tek av og til litt tid, så difor må ein starte først med ting som tek tid. Her er eit bilde av eit  fint stitchery med julehelsing, ta det som ein ide og lag eit som er personleg tilpassa til nokon!