Ja vi går rett på!! Påska er over og det er tid for meir inspirasjon!
Tysdag 7.4 er det tid for møte igjen, stad og tidspunkt er som vanleg 18.30-21.30 på Stokkenes gjestegard. Nye som er interesserte i quilting mm., er hjertelig velkomne til å være i lag med oss.
Ta med deg eit kjekt handarbeid av noko du likar, og ta gjerne med symaskina om du heller vil bruke den!
Tema for møtet denne gongen er litt av kvart:
- Evaluering av årsmøtekursa, kva vart laga og er det nokon som treng meir hjelp? Ta med til "Vis og fortel".
- Har du kursønsker, så del dei med oss!
- Toalettvesker til "Søstre for søstre", ta med dei du har sydd! Vi kjøper inn det vi skal ha i veskene og skal fylle dei på møtet.
- Innlevering av blokker til vårt interne blokklotteri, kvar blokk gir eitt lodd. Trekninga er på junimøtet. Om du er usikker på mål på blokkene mm., så ta med deg stoff og symaskin og sy på møtet!
- Informasjon om sylaurdag 11.4, evt heile helga.
- Informasjon om aktivitet på neste møte ved både styret og litt hjelp av Ingun!
- Diverse informasjon frå styret
- Sybutikken Primula Design viser aktuelle varer og mønster.
- Vis og fortel
- Lotteri
- ...og alltid ein god pause med kaffi/te og noko attåt!
- Matvertar: Inger Lise, Britt og Eli
- Velkomne!