søndag 16. oktober 2022

Bilder frå oktobermøtet 4.10.

 Klubbmøte er alltid trivelig, her hentar vi ny inspirasjon, får sytips og treff gode venner. Praten går alltid høgt og det er eit godt tegn på trivsel!

Bilda frå "Vis og fortel" syner også at det er trivsel heime med symaskina. Her er også bilder av quiltar frå kurset med Helle, men det kjem eit eige innlegg om det seinare.





















Primula Design demonstrerte ein kuttekniv! 


Haldis viste teppe under arbeid, dette er "Mysteriet" som ho har hatt på medlemssida vår. Vi fortset å sy på dette teppet på sydag 18.10 for dei som vil være med då!

Fri kompassrise frå kurs med Helle.



















Og takk til matvertane for god mat i pausen!



søndag 9. oktober 2022

Bilder frå septembermøtet!

 Oppstart av ny sesong! Kjekt å møtast att og mykje inspirasjon å hente. 

Denne hausten har vi tema Solsikker, knytt opp til tema om å støtte Ukraina. Vi skal etter kvart sy blokker til eit teppe, og no vart det vist  tips til ulike blokker ein kan sy.














Mykje fint å sjå under "Vis og fortel"























Takk til matvertane for nydelig kaffimat!




mandag 3. oktober 2022

Velkommen til klubbmøte 4.10!

 Det er igjen tid for å møtast til klubbmøte på Stokkenes Gjestegard, tysdag 4.10 kl 18.30-21.30.

Styret kjem til å ha eit styremøte kl 18 i "foajeen", men berre gå rett inn i salen når de kjem.



Dagens opplegg er at vi  fortset med solsikketemaet. Tanken er at vi skal lage blokker med solsikkemotiv, men motivet er opp til kvar enkelt å bestemme. Så difor oppmodar vi alle til å ta med seg ein ide til motiv, enten eit mønster, eit bilde, ei blokk, ja gjerne ei ferdig blokk som du har sydd. Slik kan vi dele inspirasjon til kvarandre.



Ta gjerne med deg symaskin og passande stoff slik at du kan sy ei blokk om du vert inspirert av nokon!

Forige veke fekk vi ei stor kasse med lappar av diverse kvalitet frå Frislid konfeksjon. Dette er til felles glede og nytte for alle, og kanskje du vil sy noko av dei denne kvelden eller seinare??  Det er gratis!! Anne Marit D har sydd noko av slike lappar til inspirasjon!!

Program elles for kvelden:

  • Diverse info frå leiar/styret
  • Info om kurset i november v/Daisy Aschehoug
  • Vi fortel frå kurset forige helg med Helle Løwenskiold
  • Vis og fortel (før kaffipausen!)
  • Kaffipause
  • Primula Design med aktuelle varer.
  • Lotteri
Minner om matvertar på dette møtet: Aud Oddny Torheim, Mona Skålerud, Ingun Vaksdal og Laila U. Piel


lørdag 3. september 2022

Velkommen til klubbmøte!

 Vi ynskjer  "gamle" og eventuelle nye medlemmer velkomne til klubbmøte Tysdag 6. september på Stokkenes Gjestegard.

Denne dagen har vi utvida møte der vi starter kl 12. Det er då ope for den som vil komme og sy i lag. Vanleg medlemsmøte kl 18.30.

  • Vi har ei plan om å sy eit Solsikketeppe i lag, og denne dagen er temaet ei blokk med Solsikke. Torunn har eit mønster ho vil vise framgangsmåten til frå kl 13.30.


SOLSIKKE AV DELTE SEKSKANTAR



Du treng å ha med deg:

Sekskantlinjal, ta med dei (!) du har, elles kan du få låne. Easy Hexagon, osb, osb…. Viktig at du brukar same linjal på heile blomsten.

Sida på sekskanten er i utgangspunktet 2,5 inch utan saumrom, men om du har eit anna mål, bruk det på heile solsikka.

15 cm av to gulfargar, og ein meir brunleg til midten.

Meir av det som vert botnfargen rundt, anten i blått (Ukraina sitt flagg) eller lyst beige.

Tynn tusj om du har, eg brukar dei veldig tynne, men det kan du og få låne.

Utgangspunktet er artikkelen av Merete Veian i Norsk Quilteblad nr 1 2010, ta den med om du har. Vart einig med redaktør Christie at vi ikkje kopierer.

Blokkene er tenkt 12,5 inch store.

Helsing Torunn


Om nokon har quiltar med solsikker eller andre blokker med solsikkemotiv, så må de ta med på møtet!


Det er sjølvsagt også høve til å sy på det du ynskjer, det viktigaste er at vi har ein trivelig møteplass der vi kan sy i lag og dele erfaringar.


  • Vi har også "Vis og fortel" i den ordinære møtetida.
  • Informasjon om dei to kursa vi skal ha i haust.
  • Varer frå "Sybutikken Primula Design"
  • Kaffipause med noko attåt!


Matvertar:

Britt Svarstad, Anne Marie Holsvik, Elisabeth Limevåg, Leikny Støbakk