Kjekt å sjå kva medlemmane våre har styrt med no i sommar!!
søndag 6. september 2026
søndag 30. august 2026
Velkommen til haustens første møte!
Tysdag 1.september ynskjer vi velkommen til oppstart av haustsesongen i klubben vår. Vi møtes som vanleg på Stokkenes Gjestegard og vi har vanleg møtetid som er 18.30-21.30.
Plan for kvelden er:
- Informasjon om haustplanen
- Planlegging og påmelding til turen der vi besøkjer "Trapp ned" i Førde laurdag 19.9
- Informasjon om og påmelding til veskekurset med Liv Holvik 31.10-1.11, her blir endelig påmeldingsfrist på oktobermøtet. Bilder av modellar finn de på medlemssida.
- Vi skal pakke ferdig toalettvesker med innhold til Krisesenteret for kvinner i Ålesund
- Vis og fortel,....om både det du har sydd i sommar både av lappeteknikk og av fine små sting på stramai
- Lotteri
- Ein pause midt i med kaffi og noko til, ansvarlege er Ingebjørg, Grete og Aud S.
- Om det er nokon som har litt lyst til å komme på besøk til oss for å sjå kva vi gjer på, så er det berre å møte opp eller ta kontakt med nokon av medlemmane.
søndag 2. august 2026
Lappeloftet, den vesle quiltebutikken i Vågå i Ottadalen!
Reisebrev frå bloggredaktør Mariann!
Vi som driv med quilting, erfarer no at det har blitt langt mellom dei fysiske quiltebutikkane. Men nokre gjev ikkje opp, kanskje "liten og sta" kan ein kalle "Lappeloftet" som har lokale midt i Vågå sentrum i eit bittelite gammalt hus. Ein meir sjarmerande quiltebutikk trur eg ikkje finst!! Så køyrer du gjennom Ottadalen, må du ta eit besøk, Vågåvegen 48, men sjekk opningstida!
Her finn vi ei fin blanding av teknikk og historikk. Sjå på denne gamle enkle symaskina, reine museumsgjenstanden. Og på veggen heng eit stort lappeteppe, handsydd i teknikken "Log cabin".
Teppet er sydd rundt år 1900, så denne enkle men fine teknikken lever enno etter 126 år!!


















































