søndag 1. desember 2013

Desembermøte!

Det er allereie blitt desember, og tysdag 3.12 er det igjen tid for julemøtet vårt.
Vi har laga oss koselege tradisjonar for desembermøtet, og vi skuffar ikkje i år heller, det blir "the same as every year"!!
Både Julekomiteen og styret har førebudd seg godt, og vi ser fram til koselege timar i lag. Torunn har også sendt ut julebrev på epost og pr. post, så vi håpar at alle har fått lest dette.

Det vert også ein ukjend aktivitet på møtet, ikkje eingong underteikna veit kva vi skal gjere på. Det kan vel være lurt å ta med seg vanlege sysaker for kjekk handsaum får vi tru??

Styret har også ei lita oppfordring til eit spesielt "Vis og fortel" denne gongen. Vi har ikkje heilt kontroll på kor mange år vi har fått Siv på Lappestua til å lage til ein julete syaktivitet for oss, men mange er det blitt. Og mange fine figurar har det også blitt, og nokre ligg kanskje og ventar på å bli ferdigsydde??
Difor ynskjer vi at de tek med dykk alle desse små tinga de har laga på julemøta så vi får sjå kva vi har gjort opp gjennom åra! (og kanskje vert nokre endeleg ferdige denne kvelden også??)

Vi håpar også at de tek med dykk det som de har sydd på kursa i haust, for jammen har det blitt mange kurs!!
På møtet vert det også info om kurs etter nyttår, det er stadig noko nytt å lære!!
Velkomne til møtet!

Ingen kommentarer: