Så er årets årsmøte vel i hamn!
Med 25 frammøtte fekk vi gode diskusjonar i sakene våre og godkjende vedtak.
Blomster til avtroppande styremedlemmer.
Mest spennande var det med valet, der to gjekk ut av styret, og valnemnda hadde ikkje fått ja frå nokon på førehand. Men det ordna seg, og med stor applaus til dei som no går inn i styret!
Det nye styret ser slik ut:
- Leiar Torunn Føllesdal Utnes
- Nestleiar /sekretær Mariann L Hatlenes
- Kasserar Rigmor Kvalheim
- Infoansvarleg Asbjørg Bjørkedal
- Kursansvarleg Janne G Vatne
- Materialforvalter/kursmedhjelper Anne Marit R Daviknes
- Styremedlem Tove S Johnsen
Etter årsmøtet hadde vi felleslunsj med dei som skal fortsetje dagen med kurs ved Andre Wallenborg.
...og så vart det gjort klart for kurs, "Søm av sekk".
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar