Klubben vår arrangerer kurs i collageteknikk med Merete Ellingsen 7.-8.oktober.
Kurset vert i lokala til Stokkenes Gjestegard på Nordfjordeid.
Vi har no nokre ledige plassar, og vi opnar opp for at eksterne kan melde seg på.
Teknikken er enkel, klippe ut stoff i ulike mønster og fargar og komponere effekter og nye fargar. Merete kan stille med pakkeløysing eller du kan bruke eigne stoff. Kurset passar for alle, nybegynner og erfaren.
Om du vil være med oss på ei trivelig kurshelg, så melder du deg på SNARAST ( og innan søndag 2.9) til kursansvarleg Janne på tlf. 90725996
(dette bildet er frå internett, ikkje frå Merete si side)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar