onsdag 10. desember 2008

Klubbmøtet i november

Denne gongen arrangerte vi quiltekafe, og det vart skikkelig kafestemning !



Og begge butikkane våre var på plass som vanlig! Kjempeflott for oss som alltid treng påfyll av noko.....





Siv hadde dette flotte panelet for salg,... og det forsvann fort! For dei som ikkje fekk: Besøk butikken til Siv, ho har fått inn eit anna etter møtet, meiner det var i raudfarge,....men sjå i butikken snarast før det også vert utselt!





(snart ferdig!!)

































Kari si flotte julefestremse! Bildet under viser kva for delar ho har sett sammen, ho brukar kvadrat og set innimellom nokre trekantar!



tirsdag 9. desember 2008

Klubbmøtet i oktober














Advent på den eine sida og jul på den andre!!



Elin sitt fantastiske teppe! Sjå også i bloggen hennar.








Sjå kor flott teppe Signy Alise lagar,... ikkje heilt ferdig enno.


Verktøykasse....

tirsdag 18. november 2008

Folksam Quiltekafe!

På siste medlemsmøtet vårt no i starten av november arrangerte vi Quiltekafè for første gong. Det er alltid spennande å prøve noko nytt og vi treng litt avveksling innimellom. Skal ein dømme etter frammøtet av medlemmar, så må ein seie dette var vellukka, nærare 40 av våre medlemmer hadde møtt fram!!! Og mange hadde også reist veldig langt for å komme hit; frå Svelgen, Raudeberg/Vedvik, Larsnes, Syvde, Risør, frå kommunene Volda, Stryn og Gloppen pluss alle medlemmane frå Eid! Fantastisk interesse og iver etter å samlast må ein vel seie. Og kafèlyden var verkeleg på plass, rommet var fyllt med prat og "sållj" som vi seier her i Nordfjord, god mat og kaffi mangla det ikkje heller.
Det vart gjort litt medbrakt handarbeid innimellom praten, kikka på mønster og mange lånte bøker i biblioteket vårt.

På Eid er vi så heldige å ha 2 butikkar som sel stoff og utstyr til quilting, og desse stiller som oftast opp med gode tilbod på møta våre. Vi i klubben er veldig glade for at Primula Design v/Ingun Vaksdal og Lappestua v/Siv Smørdal stiller opp for oss når vi treng dei, TUSEN TAKK TIL DÅKKE!........og mykje har dei å friste oss med, Siv har jammen mange fine julepynte-knappar!




Ingun hadde med seg fleire koffertar med flotte stoff, og inspirerande modellar.


.......og det vart handla ein del denne kvelden.