fredag 11. september 2009

Feriebesøk hos Quiltespesialisten

No når det regnar som verst her i vest, så er det godt å ha gode ferieminner å mimre litt om. Nestleiar og bloggredaktør Mariann viser her litt inspirasjon frå aust!

Minner om sol og varme dagar gjer godt, men også å kunne hente fram att bilda frå eit besøk i ein koselig butikk på Lillehammer, Quiltespesialisten. Ei blid dame bak disken, ho både sydde modellar og heldt kurs, så kanskje vi kan invitere henne vestover til litt regnver ein gong......



Det var mange fine modellar i butikken, og spesielt mange flotte vesker. Nokre av modellane som var der var etter mønster frå "Melly and me".




Litt Tilda var også her, ein koselig liten gjeng dette ...., og sjå den bittelille quilten....


Dette teppet i gråtonar er eitt som ho held kurs i, tykte dette var eit kjempeflott teppe, og hadde eg budd nærare, så hadde det kanskje blitt kurs på meg.

Helsing frå Mariann
ps. Er det andre som vil dele noko liknande på bloggen her, så send meg bilder og tekst, så legg eg det ut!!

torsdag 27. august 2009

Sesongstart!

Minner om at no er det berre timar att til mange av oss quiltarar er i sving att!

Komande helg er det kurs, og det er kanskje ledige plassar??? Sjå innlegg 3. juni!
Kontakt Aslaug for info om du er interessert!

Tysdag 1.9 er det klubbmøte med Quiltekafe, husk også å ta med boka du har hatt denne sommaren. Kanskje har du laga noko frå denne boka også??? Då kan du "vise og fortelje"!!

OBS! OBS! Kurset med Randi Røys 6. sept går ut, vi jobbar med å finne ein ny dato, så då er det kanskje fleire som vil vere med?? Sjå omtale i innlegget 3. juni.

lørdag 20. juni 2009

Quiltens dag!


20. juni- - Den offentlige europeiske quiltedagen!!
Premiere i år! (trur eg då...) ...og sikkert kvart år heretter?? Vel,- den som vil vite fakta om denne dagen må kikke inn HER
Klubben vår hadde bestemt at vi skulle markere dagen med utstilling i gata på Nordfjordeid,.....første laurdagen med opning av Sommarshoppinga. Men akk, det var ikkje sommarleg akkurat, for himmelen opna seg og det regna i over ein time minst. Ikkje var det varmt heller. Då hjalp det lite at vi hadde valt tema "SOMMAR" for utstillinga vår!

Då var det eit lykketreff at leiar i klubben hadde eit partytelt til låns,...... etter eit lite "oppsettings-show" midt i gata så kom vi under tak rett før det ausa ned! Og rett så koselig vart det under det grøne taket!Lotteriteppet vårt, "Dear Jane" kom på plass, og vi selde litt lodd heldigvis.

Ikkje så mange av medlemmane våre kom med produkt til utstillinga, så vi takkar dei som kom med ting og også stilte opp på utstillingsdugnaden vår. Vi nådde målet vårt og markerte oss i gata denne dagen.
Må legge til at etter ei stund så letta veret og det vart etter kvart folksamt i gata. Til og med nokre nederlandske turistar inviterte vi under teltduken for ein prat!





Blåtur 7. juni

Årets blåtur,... rett vest til blå himmel og blått hav! Ei oppleving for dei som slo seg med denne dagen. Her er første pause, under Hornelen, den høgaste sjøklippa i nord-Europa.


Eit vell av tusenfryd på marka der, og nesten like mange "lykke-firkløver"! Dette måtte berre bli ein lykkelig dag.


Her kjem meir bilder seinare.
Sjå også omtale av turen i bloggen til Mallemor.

onsdag 3. juni 2009

Sommaravslutning 2. juni 2009

Sommarstart på kalenderen og sommaravslutning i klubben,....i kaldt regnver! Det vart nok ikkje Jektehola i år! Godt at vi hade booka klubbhuset då. Og der kosa vi oss med nydelig kyllingmeny og gode kaker etterpå. Takk til dei flinke damene som laga til denne flotte menyen.
Eit nytt "Dear Jane-teppe" er laga til, nydelig samansetjing! Takk for flott dugnadsinnsats! Dette teppet vert lodda ut, først på Quiltens dag 20. juni (sjå siste medlemsblad 2/2009 også), deretter vert det loddsal i butikkane til Ingun og Siv heile sommaren, til sist på Eidamessa i september då det også vert trekt etterpå.
















Kurs 1 haust 2009

Helgakurs 29. og 30. august på Klubbhuset:


Ann Karin Myren frå Lappestua i Ålesund held kurs i "Vendbare løpere". Ein artig teknikk som krev litt tenking for å få begge sider fine........, røff utsjånad og mange muligheter!

Påmelding innan 15. august til Aslaug, tlf 57862776 / 97533623, epost: alsak @online.no Det er allereie mange som har meldt seg på dette kurset, så ta kontakt snarast om du vil vere med.




Kurs 2 haust 2009

Kurs i september:
Randi Røys held kurs søndag 6. september:
løpar m/applikasjon, designa av Randi sjølv!

Påmelding innan 23. august til Aslaug, tlf 57862776 / 97533623, epost: alsak @online.no
Det er allereie mange som har meldt seg på dette kurset også, så ta kontakt snarast om du vil vere med.