Gratulerer medlemmer og velkomne til quiltarar!
Som de nok skjønar, så har klubben vår fått tildelt Vestlandstreffet 2015! Dette er eit treff hovudsakleg for quiltarar frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord. Ein brukar å ha tilbod om mange kurs, foredrag og festleg samvær. Akkurat no går årets treff føre seg i Molde, og i går vart det klart at det blir på Nordfjordeid om 2 år! Vi har arrangert dette treffet to gongar tidlegare; i 2000 og 2006, så det er vel på tide å invitere til vakre Nordfjord igjen!
Nordfjord er i dag like vakker som bildet viser, så dei som ikkje har vore her før, bør kanskje ta oss med i 2-årsplanen sin!
Vi i NLQ brukar å seie at vi bur i eit Quiltemekka, for i den vakre gata vår har vi 2 QUILTEBUTIKKAR!!! I "tøffelavstand"!!! Og det er to ulike butikkar når det gjeld stoffutval, og begge eigarane er dyktige quiltarar.
Lappestua har eigenimport av flotte stoff frå USA og der er også eit fantastisk utval av knappar!
Primula Design har også eit flott stoffutval, og i kombinasjon med interiørvarer som også er i butikken, så kjem både modellar og lekre stoff til sin rett.
"Snopekroken" her fristar oss kvar gong vi kjem inn!!
For nokre veker sidan skapte vi vår eigen Quiltebil i samband med ei salsmesse. Vi kan desverre ikkje love dykk turar i denne bilen når vi startar arrangementet vårt om to år, men i den vesle "fjordbyen" vår er det korte avstandar til mange kjekke opplevingar.
Med dette ynskjer vi i klubben vår quiltarar frå fjern og nær velkomne til Nordfjordeid om to år, og vi set pris på å få kontakt med både "gamle" og "nye" quiltarar. Har nokon spørsmål, så er det berre å ta kontakt med nokon i styret eller bruk kommentarfeltet i bloggen her.
søndag 13. oktober 2013
tirsdag 8. oktober 2013
X-blokk kurs!
Denne hausten er berre til å nyte! Ikkje før har vi avslutta eine helgakurset, så står neste for tur!
26. og 27. oktober vert det kurs med X-blokk linjalen ved Siv Smørdal.
Vi hadde påmelding på siste klubbmøtet, og vi har no nokre få plassar ledige på kurset. Ta kontakt med kursleiar Ingun på tlf 57861395 eller Siv på tlf 91331479 om du vil være med. Det vil bli høve til påmelding av "ikkje-medlemmar" om det er ledige plassar når kursstart nærmar seg.
X-blokk linjalen er ein av dei linjalane som ein kan lage utruleg mange ulike blokker med, så dette kurset bør du få med deg. Her ser du ei blokk frå Siv:
Headingen på bloggen er også laga med denne linjalen, så det er stor skilnad på desse blokkene.
Ved søk etter bilder på Google, så dukka det opp blokk etter blokk som ikkje var lik den første. Så utruleg mange muligheter, og dette er berre nokre få!!
Kos deg med bilda og søk gjerne etter fleire! Og har du ikkje meldt deg på kurs, så bør du revurdere det snarast!
Velkomne til eit innholdsrikt kurs!!

lørdag 28. september 2013
Oktobermøte
Det er få dagar att til oktober, det betyr at klubbmøtet er like om hjørnet! Tysdag 1.10 er dagen og vi møtest som vanleg på Stokkenes gjestegard.
Denne gongen er det ROCKY MOUNTAIN som er temaet, og Ingun på Primula Design vil lære oss å sy denne blokka.
Alle som har høve til det, kan ta med symaskin på møtet,......vi veit det blir trangt om plassen, men vi skal nok få til dette også. Ta med skøyteledning, klubben har mange, men kanskje ikkje nok!
Ingun har laga til materialpakkar til kr 50 som passar til denne brikka som bildet viser. Ta med skjæreutstyr og vanleg blyant!
Elles så vert det info og påmelding til nokre av dei neste kursa våre no i haust, dette er:

- 8., 15., og 22. okt: Frihandsquilting v/Ingun på Primula Design. Dette vert på Stårheim skule, ope også for dei som ikkje er medlemmar, eller har lyst til å bli det!
- 26. og 27. okt: X-block linjalen v/Siv E. Smørdal på Lappestua
- Kurs med Ati i oktober, vi får dato seinare.
- 23. og 24. nov Julekurs med linjal v/Ingun
tirsdag 24. september 2013
Trekning av lotteriet vårt!
Her er trekningslista til det flotte lotteriet vårt, Gratulerer til dei heldige vinnarane!
| Trekning av lotteriet til | ||||
| Nordfjord Lappe- og Quilteklubb | ||||
| Spisebrekker nr 2330 Anne Mette Lillestøl |
||||
| Gul
toalettmappe nr 856 Synnøve Aasebø |
||||
| Lilla løper
nr 379 Betsy Hellebust |
||||
| Beige løper nr 1868 Bodil Johnson | ||||
| Lite grått
teppe m/hjerte nr 2532 fam. Belinda Utnes Piel |
||||
| Lilla
toalettveske nr 1520 Trygve, Hanne og Otilie Tverberg |
||||
| Skopose nr
645 Bente Anita Myklebust |
||||
| Turkis løper
nr 682 Anne Marit Ripe Daviknes |
||||
| Kleklypepose
nr 596 Rut Bøe |
||||
| Lite englebilde nr 399 Aud Leirvik | ||||
| Kruspose nr
1809 Turid Reksnes |
||||
| Pute nr 363 Astrid Williams |
||||
| Grå løper nr
1112 Karin Grodås Nesheim |
||||
| Svart
toalettmappe nr 2632 Reidar og Marit Johnsen |
||||
| Dear Jane
løper nr 1380 Liv Antonsen |
||||
| Rundstrikkepinnemappe nr 322 Alice Grodås | ||||
| Grått pledd
med hjerter nr 1048 Marita Berget Alsaker |
||||
| Dukke med klær og vogge nr 1555 fam. Bjørn Tore Yri | ||||
| Leiketeppe m/pose og leikebiler nr 1613 Lukas Nilsen | ||||
| Rett trekning bevitnes | ||||
| Nordfjordeid 21.09.13 | ||||
| Torunn Føllesdal Utnes, Ingun Vaksdal og Laila Utnes Piel | ||||
søndag 22. september 2013
Avisomtale
Det er kjekt å sjå at Drivhusmessa vår vart lagt merke til. Bilen stod parkert nær hovudgata i Nordfjordeid, og det var nok mange som fekk seg ein god latter av vår "heimesydde bil".
Avisa Fjordenes Tidende var der også, og med overskrifta i avisa "Her ser du ein heimesydd bil" så fann ein dette innlegget ( kopiert frå nettsida til Fjt) no nyleg:
Nordfjord Lappe- og Quilteklubb vart lagt ekstra godt merke til med sin «quiltebil» på Eidamessa sist helg.
– Ja, vi meinte at dette måtte vi ha, smiler Laila Utnes Piel.
Ho er ein av 54 medlemmer i quilteklubben som hadde salsmesse under Eidamessa.
– Det var Ingunn på Primula Design som ringde meg og spurte om eg hadde ein bil som vi kunne kle inn. Eg tenkte då ein liten leikebil, men nei da. Det skulle vere ein vanleg bil, ler ho.
Quilteklubben fekk dermed låne eit vrak frå Stårheim bilverkstad.
– Vi i klubben snakka om at vi måtte reise på blåtur i den først, ler Haldis Lindset Nesbakk og legg til at klubben har fått ein del kommentarar på bilen dei hadde stilt ut.
Klubben, som dei siste to åra har hatt låvemesse i Leivdalen hadde flytta messa til drivhuset i Hildenes Gartneri.
– Vi har hatt mykje folk innom og det verkar som folk kosar seg, seier Haldis Lindset Nesbakk.
søndag 15. september 2013
Då kom vi i mål!!!
Etter ei flott og hektisk helg, så kan vi no setje oss ned og være godt nøgde med årets store arrangement!
Helga vart både våt og kald, skikkeleg surt haustver! Men bilen vår klarte seg bra i regnet og vinden, lappane som vi limte på heldt seg på plass, berre 6-7 lappar hadde ramla ned!
Utstillingslokalet vårt var perfekt, vi kunne ikkje ønska oss noko betre. Vi rettar stor takk til familien Hildenes som inviterte oss til det tomme drivhuset, og vi såg at vi kosa oss i kvarandre sitt selskap.
Her er to glade eigarar av Hildenes gartneri, junior og senior Berteig som fekk kjøpt seg kvar si god og varm Kvikk Lunsj lue på messa vår!
Vi hadde kafe ute under tak der vi serverte natronkaker med brunost på og gode saftige kaker! Reine konditoriet! Og kafegjestane strøymde på. Triveleg!
Det var lyst og god plass til å både henge opp og å legge ut over borda. Medan regnet tromma på taket, så hadde vi det triveleg inne i lag med imponerte kundar som såg på alle flotte varene vi hadde stilt ut for sal.
Dei flotte gevinstane våre til lotteriet fall i smak, så loddsalet gjekk unna! Komande veke skal vi ha loddsal på Mega på Nordfjordeid, med trekning laurdag 21.9.
Til slutt vil styret få takke medlemmane for godt dugnadsarbeid, her vart det både baka kaker, gått vakter og rigga opp og ned. Det er tydeleg at dette har vi no god erfaring med!
Premien til oss sjølve no etter dette arrangementet, er det komande kurset om 2 veker! Då skal vi lære å sy hjerteblokker i Buggy Barn teknikk. Vi gler oss no til å sitje i ro ei heil helg og berre sy og sy!!

Vi hadde også laga til utstilling rundt om på veggane, her hang det store tepper, løparar og veggtepper. Kundane la merke til dei ulike arbeida, og var imponerte over kvaliteten på arbeida og dei såg at her har det gått med mange mange timar!!
Dei flotte gevinstane våre til lotteriet fall i smak, så loddsalet gjekk unna! Komande veke skal vi ha loddsal på Mega på Nordfjordeid, med trekning laurdag 21.9.
Til slutt vil styret få takke medlemmane for godt dugnadsarbeid, her vart det både baka kaker, gått vakter og rigga opp og ned. Det er tydeleg at dette har vi no god erfaring med!
Premien til oss sjølve no etter dette arrangementet, er det komande kurset om 2 veker! Då skal vi lære å sy hjerteblokker i Buggy Barn teknikk. Vi gler oss no til å sitje i ro ei heil helg og berre sy og sy!!
torsdag 12. september 2013
Velkommen til Drivhusmesse!
Då ynskjer vi velkommen til Drivhusmessa på Nordfjordeid komande helg! Det er Eidamesse denne helga, så det vert nok eit yrande liv i gatene våre!
I drivhuset hos Hildenes gartneri vert det stor salsmesse av quiltar, strikka varer, barnekle, og ikkje minst god mat å få kjøpt!
Her viser nokre av oss i styret dei flotte gevinstane vi har til lotteriet vårt. Dette lotteriet startar under messa og vil forsetje på Mega ut neste veke.
I drivhuset hos Hildenes gartneri vert det stor salsmesse av quiltar, strikka varer, barnekle, og ikkje minst god mat å få kjøpt!
Ka dåkke syns????
Då har vi hatt dugnad!! Og firmabilen vår er klar!! Eit kjempeartig prosjekt å jobbe med, vi var berre 4; Reidun, Ingun, Laila og Mariann, men sååå moro vi hadde det.
I eit verkstadlokale sponsa av Stårheim bilverkstad, fekk vi jobbe,.....nesten i fred, for heile tida dukka det opp karar som lurte på kva vi styrte på med. Og så flirte dei litt og rista på hovudet!!
Men sjå kor lekker han vart! Med initialane våre på panseret, sløyfe på vinduspussarane, og skikkeleg raggarpynt på antenna på taket!!
Stoffa til bilen er sponsa av Primula Design og Laila U P.
Då gjenstår det å sjå kor mykje merksemd den får på Eidamessa som er på Nordfjordeid i helga, då vert han ståande i nærleiken av Hildenes Gartneri der vi skal ha Drivhusmesse.
lørdag 7. september 2013
Ekstraordinært arbeidsmøte!!
Styret kallar med dette inn til ekstraordinært hemmeleg arbeidsmøte i forkant av Drivhusmessa!
Oppmøte: Stårheim bilverkstad
Tid: torsdag 12.9 kl 18.30
Kle: Arbeidskle
Sakliste: Kode toyota,....... då slepp du inn i lukka lokale!!!!
Håpar på stort frammøte i denne viktige saka!!
Oppmøte: Stårheim bilverkstad
Tid: torsdag 12.9 kl 18.30
Kle: Arbeidskle
Sakliste: Kode toyota,....... då slepp du inn i lukka lokale!!!!
Håpar på stort frammøte i denne viktige saka!!
tirsdag 3. september 2013
Medlemsmøte
Då er dagen komen for sesongens første medlemsmøte.
Vi møtest på Stokkenes Gjestegard i dag til vanleg tid; 18.30 - 21.30.
Tema i dag vert Drivhusmessa som vi skal arrangere om knapt 2 veker, vi går gjennom korleis vi organiserer oss denne helga, og håpar at flest mogleg av medlemmane har høve til å møte opp.
Vi har også ei spesiell plan for noko vi skal gjere i høve arrangementet,...ei overrasking som ikkje kan leggjast ut her på bloggen.

Det vert også påmelding til kurs "Hjerter" i Buggy Barn teknikk med Marie Myklebust. Dette kurset går siste helga i september.
Bildet er lånt frå Gloppen lappe- og quilteklubb der mange av medlemmane der har delteke på eit slikt kurs.
Abonner på:
Innlegg (Atom)