onsdag 14. oktober 2020

Bilder frå septembermøtet!

 Ja tenk, det vart møte!! Og vi kosa oss i lag med god avstand. Aktiviteten var eit stitchery med haustmotiv og Primula Design stilte med nye butikkvarer.

Vis og fortel var både artig og innholdsrik, for første runde med Vis og fortel var å ta runden på mellom dei 18 frammøtte der alle viste fram SIN KAFFIMAT!! :) På grunn av strenge smitteverntiltak så var det inga servering, men alle hadde med sin termos og nisteboks! Og det funka flott!

Det var mykje fint å sjå av quiltar, så nyt synet!












































































søndag 4. oktober 2020

No blir det endelig klubbmøte!!

 Tysdag 6.10 inviterer vi medlemmane våre til klubbmøte igjen, men denne gongen blir det skikkelig "gammeldags" møte!! 

Vi møtes på Stokkenes Gjestegard til vanleg tid, men OBS!!! Vi har hatt påmelding til møtet, så det er kun for påmelde! Om nokon fleire no vil delta, så ta kontakt med Gitte. 



Kvelden ser slik ut:

  • Vi skal følgje smittevernreglane og vi skal legge til rette for god avstand mellom alle.
  • Alle må ta med eigen kopp, kaffi og kaffimat.
  • Kveldens aktivitet vert "Hauststitchery", eit enkelt motiv i serien med årstidene. Ta med deg lyst stoff/lerret ca A4 størrelse og moulinegarn i fargar du likar til haustmotiv. Utstyr til å tegne av med og stitcheryvatt og ramme kan være lurt å ta med.
  • Det vert lotteri
  • Vis og fortel
  • Primula Design kjem og frister oss med nye stoff mm.
  • ....og vi skal kose oss og bli inspirert av kvarandre,.....endelig!

Då håper vi at dei som no er påmelde er friske og raske så de kan komme på møtet!

Velkomne!

torsdag 27. august 2020

Klubbmøte på Facebook!

 Tysdag 1.9 er dagen for oppstart med møter i klubben vår, men vi har valt å vente med fysisk møte til neste månad.

Difor vert møtet digitalt på medlemssida vår på Facebook 1.9 kl 20-21.30.

Det vert vis og fortel for den som vil legge ut bilder og det vert meir info om kursa vi skal ha i haust.

Velkommen!





Vi har planer om kurs!!

 Ja, vi håpar og trur no at vi skal få til kurs i haust!

Sjølv om smittevernreglane er strenge, så tillet ein samlingar i grupper i trygge rammer. Styret diskuterte nyleg om vi får til å arrangere i dei lokala vi har brukt tidlegare, og ved å redusere litt på antal deltakarar, så har vi tru på at dette skal vi få til.

Medlemmane vil få info på epost om korleis påmeldinga skal foregå slik at alle får likt tilbod.

Vi har avtalt to kurs i haust!

Det første kurset er 26.-27. september med Siv Smørdal som kursholdar. 

Kurset heiter "Kunstnerisk leik med ulike materiale", og materiale her er Tyvek, Angelina,Krympestoff og forsvinningsplast.  Eit slikt kurs har vi ønska oss i mange år no, for vi minnast stadig det flotte kurset vi hadde med same tema på Øyberg seter. HER finn du innlegget frå eit kveldskurs vi hadde i 2008, heile 12 år sidan!!




Det andre kurset er ved Mona Rosvold Bauge, 23.-25.oktober. Kurset heiter "Log cabin linjal", og her får vi lære å bruke linjalen og sy ein duk på ein perfekt og enkel måte.








fredag 21. august 2020

Haustinfo!

 

Haustinfo!

 Velkommen til ny quiltesesong!

Onsdag denne veka hadde vi styremøte og plan for hausten er no lagt ut på høgresida på bloggen her.

Vi håper at vi snart kan komme i gang med vanleg drift med møter og kurs, men vi har valt å ikkje ha fysisk møte no i starten av september. Dette fordi det kun er lov med 20 stk samla, og vi veit at vi ofte er meir enn 30 på medlemsmøta. Eit medlemsmøte bør være ope for alle, og vi vil ikkje ha påmelding der. Vi er også avventande i høve til eventuell auke i smitte no framover.

Vi har også planer om kurs, der vert det påmelding etter "først til mølla" opplegget. Korleis dette skal foregå, får de info om på møtet på Facebook 1.9.

Mange er nok ivrige i å komme i gang med sying og å få inspirasjon frå andre. Vi hadde møtet hos Haldis , og der fekk vi sjå eit flott teppe sydd av dongeri og mønstra stoff.


 Håper dette bildet kan gje dykk litt inspirasjon til å leite fram stoff! Enkle teknikkar er også svært dekorative!

Då møtast vi att på Facebooksida vår!