søndag 9. oktober 2022

Bilder frå septembermøtet!

 Oppstart av ny sesong! Kjekt å møtast att og mykje inspirasjon å hente. 

Denne hausten har vi tema Solsikker, knytt opp til tema om å støtte Ukraina. Vi skal etter kvart sy blokker til eit teppe, og no vart det vist  tips til ulike blokker ein kan sy.














Mykje fint å sjå under "Vis og fortel"























Takk til matvertane for nydelig kaffimat!




mandag 3. oktober 2022

Velkommen til klubbmøte 4.10!

 Det er igjen tid for å møtast til klubbmøte på Stokkenes Gjestegard, tysdag 4.10 kl 18.30-21.30.

Styret kjem til å ha eit styremøte kl 18 i "foajeen", men berre gå rett inn i salen når de kjem.



Dagens opplegg er at vi  fortset med solsikketemaet. Tanken er at vi skal lage blokker med solsikkemotiv, men motivet er opp til kvar enkelt å bestemme. Så difor oppmodar vi alle til å ta med seg ein ide til motiv, enten eit mønster, eit bilde, ei blokk, ja gjerne ei ferdig blokk som du har sydd. Slik kan vi dele inspirasjon til kvarandre.



Ta gjerne med deg symaskin og passande stoff slik at du kan sy ei blokk om du vert inspirert av nokon!

Forige veke fekk vi ei stor kasse med lappar av diverse kvalitet frå Frislid konfeksjon. Dette er til felles glede og nytte for alle, og kanskje du vil sy noko av dei denne kvelden eller seinare??  Det er gratis!! Anne Marit D har sydd noko av slike lappar til inspirasjon!!

Program elles for kvelden:

  • Diverse info frå leiar/styret
  • Info om kurset i november v/Daisy Aschehoug
  • Vi fortel frå kurset forige helg med Helle Løwenskiold
  • Vis og fortel (før kaffipausen!)
  • Kaffipause
  • Primula Design med aktuelle varer.
  • Lotteri
Minner om matvertar på dette møtet: Aud Oddny Torheim, Mona Skålerud, Ingun Vaksdal og Laila U. Piel


lørdag 3. september 2022

Velkommen til klubbmøte!

 Vi ynskjer  "gamle" og eventuelle nye medlemmer velkomne til klubbmøte Tysdag 6. september på Stokkenes Gjestegard.

Denne dagen har vi utvida møte der vi starter kl 12. Det er då ope for den som vil komme og sy i lag. Vanleg medlemsmøte kl 18.30.

  • Vi har ei plan om å sy eit Solsikketeppe i lag, og denne dagen er temaet ei blokk med Solsikke. Torunn har eit mønster ho vil vise framgangsmåten til frå kl 13.30.


SOLSIKKE AV DELTE SEKSKANTAR



Du treng å ha med deg:

Sekskantlinjal, ta med dei (!) du har, elles kan du få låne. Easy Hexagon, osb, osb…. Viktig at du brukar same linjal på heile blomsten.

Sida på sekskanten er i utgangspunktet 2,5 inch utan saumrom, men om du har eit anna mål, bruk det på heile solsikka.

15 cm av to gulfargar, og ein meir brunleg til midten.

Meir av det som vert botnfargen rundt, anten i blått (Ukraina sitt flagg) eller lyst beige.

Tynn tusj om du har, eg brukar dei veldig tynne, men det kan du og få låne.

Utgangspunktet er artikkelen av Merete Veian i Norsk Quilteblad nr 1 2010, ta den med om du har. Vart einig med redaktør Christie at vi ikkje kopierer.

Blokkene er tenkt 12,5 inch store.

Helsing Torunn


Om nokon har quiltar med solsikker eller andre blokker med solsikkemotiv, så må de ta med på møtet!


Det er sjølvsagt også høve til å sy på det du ynskjer, det viktigaste er at vi har ein trivelig møteplass der vi kan sy i lag og dele erfaringar.


  • Vi har også "Vis og fortel" i den ordinære møtetida.
  • Informasjon om dei to kursa vi skal ha i haust.
  • Varer frå "Sybutikken Primula Design"
  • Kaffipause med noko attåt!


Matvertar:

Britt Svarstad, Anne Marie Holsvik, Elisabeth Limevåg, Leikny Støbakk

mandag 29. august 2022

Bilder frå junimøtet!

 Litt seint, men med god inspirasjon frå møtet vi hadde i juni. 

Solfrid viste oss framgangsmåten til å sy  "Flygande gjess" på ein enkel måte. Bilda viser steg for steg, og prosessen til ferdig blokk som vart sydd på møtet.









Vi fekk også sjå mange flotte arbeid under "Vis og fortel"!






























Sidan dette var siste møtet før ferien, så vart det ekstra god matservering. Matvertane ordna for kaffimaten og klubben spanderte spekemat med salat.







lørdag 27. august 2022

Sesongstart!

 Då er haustsesongen vår snart i gang att og det nærmar seg både klubbmøte og kurs.

Klubbmøtet vert som vanleg 1. tysdagen i månaden, meir info om møtet kjem seinare.

Men det viktigaste no er å få informert om at vi har pr i dag 5 ledige plassar til kurset med Helle C Løwenskiold 23.-25.9. Kurset heiter "Spot on" og "Fri form kompassrose"







I dag opnar vi opp for at andre enn medlemmane våre kan melde seg på kurset, og det er sendt ut invitasjonsbrev på epost til lag/klubbar som er i vårt nærområde. Det er sjølvsagt ope for alle å melde seg på. Her gjeld det førstemann til mølla!

Informasjon  og påmelding til dette kurset får du hos kursansvarleg Synnøve Torheim. Telefon nr til 98 00 52 42

 Kurset startar fredag ettermiddag og er inkludert med lunsj og kaffi laurdag og søndag.