tirsdag 4. juli 2023

Bilder frå junimøtet!

 Junimøtet vårt er avslutninga på årets første halvår, og vi markerer det alltid med god mat! Ei sommarleg avslutning vart det med både blomster og sommarmat!

Men sjølvsagt så dreia møtet seg om quiltar vi enten held på med eller viser fram som ferdige. Nyt synet, og så gler vi oss til å møtast att etter ferien.











Primula Design viste ein løpar med sirklar, alle frå det same fleirfarga stoffet! 
Applikert på i ulike størrelsar, så utruleg effektfullt!



Oldemorsteppe  frå eit kurs med Mona for nokre år sidan, her er det brukt gamle julestoff.


Resteteppe, frå eit kurs vi hadde i klubben for kanskje 15 år sidan!! 
Quilta av Sølvi quiltestudio.


Sekk frå kurs med Andre Wallenborg i vår.



Eit flott stoff til å lage små brikker av!




Teppe etter ide frå internett! 




Prosjektpose!


Heimelaga vaskepose! Ikkje kaste gamle gardiner, flott til å bruke til slike poser, gjenbruk!!
Takk til Synnøve som gav oss alle desse gjenbrukstipsa som vert vist her!




...og ikkje kaste gamle flagg, monter dei heller på stoff og lage ei 17-maiveske!


Kikk på ringane som er brukt på hankane, alt der er også gjenbruk.
Ringane er klipt ut av ei gardin og hankane er belter.











Menyen denne gongen var berre heilt utruleg flott, med reker og loff og nydelige kaker til slutt!

Takk til alle som kom og gjorde kvelden til ein sommarfest!

Ha ein fin sommar med mykje "sommarsaum" som vi får sjå resultat av når vi startar opp att i september.

GOD  SOMMAR!







torsdag 15. juni 2023

Bilder frå Aprilmøtet!

 Klubbmøtet i april bar preg av at vi jobba med gevinstar til lotteriet i mai, men som de ser så rekk medlemmane litt av kvart likevel!




















 Som vanleg har Primula Design med aktuelle stoff, mønster og anna tilbehør.








Dei mange barsargevinstane vi har laga!!



















Og sjølvsagt noko godt til kaffipausen!!



mandag 5. juni 2023

Velkommen til junimøte og sommaravslutning!

 Juni og sommaren er i gang og tysdag 6.6 kl 18.30 har vi møte med sommaravslutning på Stokkenes Gjestegard.

Vi har vanleg møte med:

  • Info frå styret
  • Vis og fortel
  • Lotteri
  • Aktuelle varer frå Primula Design
  • Og sjølvsagt ein GOD matpause med litt ekstra på bordet! Matvertane Laila B, Anita K, May Kristin S, Siv S og Aslaug B.A syter for dette!

Det er sommar og difor passar det godt med eit lite sommarleg stitchery. Ta med deg eit lyst/kvitt stoff som er ca A4 størrelse, moulinegarn til å brodere med og blyant/penn til å overføre mønster med! Har du ei lita broderramme er det også lurt å ha med!

Bildet er frå Pinterest

Velkommen til møtet!