fredag 6. januar 2012

Dobbel firerblokk


Dobbel firerblokk/ Double fourpatch er ei anna blokk som vi skal få lære teknikken til på det komande kurset vårt. Dette er også ei overraskande flott blokk, så enkel men så fin!! Og sjå på bilda kor ulikt det blir med ulike fargeval. Jobben vår på kurset vert nok ma. å plassere fargane på rett plass for å få fram den effekten vi håpar på, så då skal det bli godt med ein erfaren kursholdar! Det er Nancy Eriksen som skal lære oss dette!
Bilda er henta frå bloggen til MaryQuilts.com, og HER kan du laste ned mønster som PDF-fil.

Denne blokka er henta frå bloggen til norske Bellaquilt, og red. har også lest seg til at bladet Familien hadde ein "Lappeskole" som serie i bladet i fjor vår. starta i nr 6/11. Hos Jannes Hobbykrok er det også eksempel på denne blokka.

Då håper bloggred. at kursdeltakarane er blitt inspirert av desse 2 innlegga om blokkene og kan gjere seg opp litt tankar om kva fargar ein kanskje skal plukke med seg til kurset. Kva kursmodellar Nancy har med seg, gjenstår å sjå, men det vert sikkert endå meir inspirasjon å hente der og då.

torsdag 5. januar 2012

Jewelbox

Jewelbox-blokk
(Bilde er henta her)

På kurset som vi skal ha i slutten av januar, skal vi mellom anna lære å sy og bruke blokka Jewelbox i eit teppe.
HER er link til ei kanadisk side der det er sydd eit heilt teppe av berre denne blokka. Kjempefint å bruke denne åleine der det også er fargane som avgjer korleis dette vil sjå ut. Bloggred. skal delta på kurset, og etter at desse bilda vart funne på internett, så GLEDER eg meg!! Og som nemnt i forige innlegg, eit par plassar er ledige!!

onsdag 4. januar 2012

Juleutstillinga i biblioteket


Dette er nokre av tinga som var utstilte i biblioteket på Nordfjordeid før jul. Koselige snømenn, slike har vi også laga på eit klubbmøte for ein del år sidan. Enkle å lage, fine å ha til pynt heile vinteren. Takk til dei som deltok med fine produkt til denne utstillinga!



"Skatter fra restekassen"


Det nærmar seg årets første kurs, 27. - 29. januar vert det "Skatter fra restekassen" ved Nancy Eriksen. Dette ser ut til å bli eit kjekt kurs der vi får lære teknikk til tradisjonelle blokker, for så å setje dei saman til teppe med flott mønster. Dei tradisjonelle blokkene går aldri av moten, og som reklamen seier,"det enkle er det beste", gjeld også i quilteland! For det er valet av fargar som gjer utslaget, og på eit slikt kurs med mange som syr det same, får vi sikkert sjå kva effekt dei ulike fargane skaper. Bildet under er eit fargerikt resteteppe, men du står nok fritt til å velje berre få fargar og rolige fargar. Så den som kjem, får sjå!

Etter siste oppsummering av påmelde i går, så har vi ledig eit par plassar. Vil du vere med, så meld deg på fort! Kontakt Siv på 91531479. For som vanleg når vi har noko ledig plass på kurs, så opnar vi opp for "ikkje-medlemmar" om noko er ledig.

mandag 2. januar 2012

Stoffrydding??

(alle bilda er henta frå Building houses from scraps)

Er det nokon som har vareteljing i heimen i dag?? Tel opp metervis med stoff? Bloggred. lurer ofte på kor mange meter stoff som ligg pent og venter i heimen på sin tur under symaskina. Kjekt å kjøpe, kjekt å ha, men ofte vanskelig å finne tid til å bruke........!

Eit nyttårsforsett som mange av oss sikkert har, er å lage ferdig påbegynte arbeid, bruke opp stoffa,...alle stoffa...... før vi kjøper noko nytt. (Sorry Primula Design og Lappestua,..... men vi klarer sikkert ikkje å holde løfta våre lenge, .......kanskje 1 døgn? For de fristar oss vel allereie på møtet i morgon!)

Men til dåkke som har berre nokre få små stoffbitar slengande att på botnen i stoffkassa, her er tipset som kan hjelpe dåkke til å bli kvitt siste rest av dei gamle stoffa.

På denne nederlandske bloggen Building houses from scraps (bygge hus av rester) er det beskrivelse og mønster til eit teppe der du syr ei lita husblokk kvar dag!! I år er det skotår, så då vil teppet bestå av 366 hus!! Blokkene er i miniformat, 7,5 x 7,5 cm og er sydd for hand, men ho skriv at dei lett kan forstørrast opp så du kan sy på maskin. (NB! Bloggred berre tipsar, har ikkje prøvd ut dette!!)

Klipp frå bloggen:

The plan is to try to make a house block every day, so at the end of the year a total of 366 blocks are finished. These blocks will be joined together into a quilt from approximately 155 x 200 cm, with a border around even bigger.


HER er link til mønsteret, og HER er beskrivelse på engelsk

søndag 1. januar 2012

Tepper som varmar!



Då er det gjort!! Alle våre "Tepper som Varmar" er begynt å varme!!! Varmar både kroppar og auger i Jurbarkas i Litauen. Alle våre 36 tepper vart overlevert til Ragnhild Lunde i Lions club avd. Stryn på julemøtet vårt, og 16. desember starta ho og mange andre turen til Litauen. Takk til Lions som tek på seg slikt arbeid, og tanken på at desse flotte teppa skulle varme nokon langt borte, ja det varma nok oss her heime også! Magiske tepper!!

Her er litt av helsinga frå Ragnhild:

Vi er tilbake frå ein fantastisk tur til Jurbarkas. Heilt på tampen blei Eline Vereide Kongsvik med frå Nordfjordeid og Inge Sveen frå Stryn.

Teppa har vi gitt vekk til sjukehuset, og der trengdest det verkeleg noko som pynta opp. Dei blir også brukt som pynt på dagheimen for vanskelegstilte born - du ser bildet der Eline står saman med dagleg leiar og ein ansatt. Vidare vil dei bli brukt til å pynte barnehagar. Og nokon blir gitt til sjuke born (dei minste teppa) Folk som var med - og dei som vi møtte der nede (Lions) var imponerte over den flotte gåva og kvaliteten på teppa.

På grunn av at eg måtte vakumpakke alle teppa, måtte bamsane plukkast av - og dei ga vi direkte til dei sjuke borna på sjukehuset.

Vonar dette oppfyller dei forhåpningar de hadde til korleis vi skulle nytte gåva.

Og Laila U.P. fortener all takk for å være primus motor, no er prosjektet i mål. og det vart vellukka.

HER kan du lese om oss på ei medlemsside for Lions Club, sjå litt langt nede på sida!

Godt nytt quilteår!


Så er vi på startstreken igjen,..... til mange ubrukte timar til hobbyen vår, til å få ny inspirasjon, til å lære noko nytt og til å møtast att! Reknar med at mange gledar seg mykje til å få tid til å sy igjen, men kanskje er det òg nokon som har laga noko sidan sist?

(Dette bildet er laga av eitt av medlemmane våre, R. S.Nord. Takk for at vi fekk sjå dette flotte bildet!)

Til alle som ivrar etter å møtast igjen, velkommen til årets første møte i NLQ tysdag 3.jan kl 18.30. Møtestad er som før Stokkenes Gjestegard og vi har Quiltekafè. Ta med deg eit syarbeid som du held på med, og så kosar vi oss med mat og prat.

Så har vi fått ei oppfordring frå Hilde i Svelgen, ho held som kjent på med eit dugnadsteppe av små sekskantar som mange av medlemmane har sydd og levert til henne.
Her er beskjeden frå henne:

Er komen såpass langt i sekskantteppe-prosjektet, at det nærmer seg fullføring/avslutting av lappedelen/framstykket.
Har mista kontroll over kven som ikkje har levert sine blomster, og kven som har liggande blomster som dei driv og syr saman.
Ber om at alle som har noko som høyrer til dette prosjektet liggande, tek det med på neste medlemsmøte, eller event sender det i posten til meg
(Kringomvegen 26, 6723 Svelgen). Har eit håp om at framstykket på teppet skal bli fiks ferdig til påske.

Til slutt ei lita påminning: Har du ei lånebok frå NLQ, ta den med på møtet, for kanskje har nokon andre lyst å låne den? Dette gjeld spesielt dei nyaste bøkene!

søndag 4. desember 2011

Velkommen til julemøte!

Bilda av teppa er lånt frå bloggen til Tiril Sol

Det er igjen tid for julemøte! Så fort tida går, iallefall for oss som skal få gjort mykje før jul. Men mykje er likevel gjort, fantastisk mykje,..... for på dette møtet vert det overlevering av minst 27 tepper til prosjektet vårt "Tepper som varmar". Ein representant frå Lions Club vil ta imot teppa, og ho skal også vere med å dele ut teppa til barn på eit sjukehus i Jurbakas i Litauen og evt. andre trengande no før jul. Dette vart eit fantastisk prosjekt som ein stor del av medlemmane har teke del i. Vi rettar ei stor takk til primus motor Laila U. Piel for arbeidet ho har gjort, ho hadde håp om 10-15 tepper, men her vart det dobbelt opp! Besøk Lailas blogg, Tiril Sol, der finn de eit flott innlegg om heile prosjektet og bilder av 27 tepper!!
Når ein har slike store prosjekt, så er det mange ein skal takke i tillegg til dei som har gjort jobben. For til minst 27 tepper, så går det nokre meter stoff, trå og vatt. Vi har vore så heldige å få mange meter stoff frå nettbutikken Olaugs Quilt, og dei 2 lokale quiltebutikkane våre har også støtta oss, Primula Design med vatt og lån av quiltestativ som de ser på bildet under, og frå Lappestua har vi fått mange flotte stoff og vatt. Men også mange har medlemmane har vore gode sponsorar, for her har det blitt nytta restelappar og småprosjekt som har vorte liggande, sett saman til nye og flotte tepper. Det er berre å ta av seg hatten for denne flotte innsatsen i klubben vår!
Så når vi møtes no tysdag til julemøte, skal vi verkeleg kose oss med synet av alle teppa. Og vi skal ha god mat og som vanleg vert det òg litt å pusle med......Kva det er, ja det er hemmelig!! Ta med saks, elles får du det du treng!
Då ynskjer vi alle velkomne til møte, og ta med mykje JULEQUILTAR (og anna sjølvsagt) til kveldens Vis og fortel! Ta også med det du vil stille ut av juleting på biblioteket!

lørdag 3. desember 2011

Presangteppe 2

Endå eit nydelig presangteppe til inspirasjon. Nydelige fargekombinasjonar. Til dette teppet er det ikkje gratismønster, men du finn meir om det HER på bloggen Piece and Quilt.


lørdag 26. november 2011

Sy ei julegåve?


Sy ei julegåve??
Ja dette kan du ta heilt bokstavleg, for her kan du sy ei julegåve som varer og varer. Og som ikkje kan pakkast opp!

Dette bildet er frå bloggen QuiltSoup der gratismønsteret "Hip holidays" kjem frå.
Innimellom nokre juletre står det mange gåver, og HER finn du link til dette gratismønsteret. I klubben har vi også ei mønsterbok med Buggy Barn mønster, der er det også ei blokk med liknande presangar. Om du vil bruke dette gratismønsteret, så kan du velje å sy berre presangblokkene, og variere stoffbruken,........dette kan nok bli rett så flott??
Her er mønsteret til ei lita lommebok med "presangmotiv" på, det kjem også frå same blogg. Men dette mønsteret kan nok også miksast med dei store presangblokkene.
Lykke til om nokon prøver seg på dette, og kanskje kjem her bilder av resultat her på bloggen seinare??
God helg til alle som kikar innom!