mandag 7. januar 2019

Velkommen til quiltemøte!!

Det er 2019 og nytt år og nye muligheter for eit flott quilteår!!

Vår eigen Logokopp som vi fekk for nokre år sidan!


Så i morgon 8. januar inviterer vi alle gamle og nye medlemmer til klubbmøte på

Stokkenes Gjestegard kl 18.30-21.30

Det vert Quiltekafè denne gongen, så vi håper at alle tek med seg noko å sy på; ein lukkekant, litt quilting eller eit stitchery.


Kopp med ein heilt korrekt tekst!!! :)


Men har du ikkje noko å gjere akkurat no, eller vil ha noko nytt, så veit vi råd!! 
  • Alle som kjem på møtet vil få eit "årstidsmønster" som denne gongen er  eit vintermotiv! (Hint: snømann!!)   Tidlegare har de fått vårmotiv og sommarmotiv.
For å komme i sving med dette stitcheryet, så treng du å ha med deg:

  • Eit lyst bomullsstoff, ca 30x30 cm
  • Det du treng til å overføre mønsteret til stoff (tynn tusj, blyant ,lys?....)
  • Brodergarn i vinterfargar
  • Broderiramme??
  • Tynn stitcheryvatt?
  • Vanlege sysaker


Elles på møtet vert det:

  • Vi skal ha oppstart på vår lokale variant av " mini Round Robin" og dei som vil være med på dette, vert sette saman i grupper. Info om dette prosjektet vart gitt på desembermøtet. Viktig! Om det er nokon som ikkje kjem på møtet, men vil være med, må gje beskjed om dette snarast. Send då sms til underteikna på Tlf 95869301.
  • Info om kursa og årsmøtet i vår!
  • Lotteri
  • Vis og fortel

Velkomne til ein triveleg quiltekveld!!


søndag 6. januar 2019

Bilder frå desembermøtet!

Desembermøtet er kanskje årets koseligste møte i klubben vår! Eit nydelig pynta lokale tek imot oss, folk er i fin førjulsstemning fulle av forventingar til ein trivelig kveld.

Denne flotte dekorasjonen tok imot ved inngangen!!








 Mykje fin heimelaga julepynt rundt om i lokalet! Takk til medlem Berit som bidro med dette!


Og ja, trivelig er nok rette ordet her, for her var det julepynt, dempa lys, julegave som aktivitet frå klubben og nydelig servering. Takk til komiteen og huseigar for ein stemningsfull kveld i førjulstida!


Mange fine quiltar var å sjå, no er nok nokre av dei gitt bort som julegåver, er nok mange heldige mottakarar rundt om i landet!

 Bordpynten denne gongen var rundt 20 flotte juletre som vi laga på kveldskurs med Gitte tidlegare i haust! Nokre med lys, nokre med lenker, glitter, stor og liten pynt!! Nydelig rekkje midt på bordet!



  Gåva frå klubben kvart år ein ein liten aktivitet i regi av medlem Siv, og ho skuffer  aldri! I år var det små "nasenissar"!! Kjekk og enkel aktivitet som alle jobba iherdig med!




 Mykje fint å sjå  og kjøpe i butikkroken til "Primula Design"!













 Julemysteriet med Mrs. Moen!!



 Elna imponerte stort då ho viste fram teppet ho har sydd på og etter kurset "oldemorsteppe" med Mona Bauge. No er toppen klar for quilting, noko som ho vil setje bort til proff quilting!








Eit festpynta bord med nydelig mat! Her hadde komiteen laga til "julebord"!!







Takk til alle for eit flott år i lag i 2018, det er alle dykk som er medlemmar og kjem på møta som gjer at vi har det så kjekt i klubben vår!

lørdag 5. januar 2019

Les om quiltaren Eldrid i lokalavisa Fjordenes Tidende!

I lokalavisa Fjordenes Tidende som i hovudsak dekker ytre del av Nordfjord, finn vi under "Tilbakeblikk i 2018" eit flott stykke om quiltaren og tekstilkunstnaren Eldrid Røyset Førde frå Bremanger. Ho er ein av våre tidlegare medlemmer og mange kjenner nok henne att frå då vi arrangerte Regionstreff våren 2018. Då hadde ho foredrag og fortalde om reisa ho hadde til eit stort quiltetreff i Russland, bildet under her er hennar private frå denne turen.

Teksten er kopiert frå nettavisa til Fjordenes Tidende. God lesnad!!


Quilting: – Datamaskina og internett har spela ei stor rolle i «quiltekarrieren» min, seier Eldrid Røyset Førde. Her er ho i Russland på ein internasjonal festival. Alle foto: privat 

Eit unikt quiltemønster, deltaking i eit amerikansk tv-show og oppdaginga av internett har gjort at Eldrid Røyset Førde (66) har lappa saman eit teppe av vener over heile verda.  
– Det starta først med nokre grupper på Yahoo som ein kunne melde seg inn i, og då fekk ein venner over heile verda med felles interesser, fortel den pensjonerte læraren frå Bremanger.
No held ho kontakta med quiltevennane gjennom Facebook. Der får ho også inspirasjon til å reise rundt på internasjonale quiltefestivalar, som den ho nyleg var på i Russland.
– Det var russiske Facebook-venner som hadde posta bilde av utstilling med quiltar utover marka – quilted field. Det var så spesielt at eg måtte bort og sjå, fortel Røyset Førde.
Internasjonale quiltefestivalar har ho også vore på i Birmingham i England, og Houston i USA.
– Då vi reiste til Russland vart eg overraska over mottakinga vi fekk. Eg kjende ikkje nokon, og reiste i lag med mannen og dottera mi. Dei var så imøtekommande. Quiltarar er jo ofte kjekke folk, og i og med at ein har felles interesse, så har ein mykje å prate om, seier ho.
– Eg innser at mykje av det spennande eg har fått vore med på, ikkje hadde vore mogleg å få til utan internett og det kontaktnettverket som eg har fått der, seier Eldrid.

Kameleonquilt på TV

Quilting er ein avansert lappeteknikk, der ein syr saman stoffbitar i ulike intrikate mønster, gjerne til brukskunst. Og Eldrid har kome opp med sitt eige originale design – kameleonquilt.
– Eg begynte å lage mønster av ting eg har laga for å selje. Dei mest populære var quiltane med flippar som kan brettast så dei skiftar utsjånad. Det var noko heilt nytt. Ei venninne i USA sa eg burde sende det inn til eit populært TV-show i USA som viser fram ulike måtar å lage patchwork på.
Resultatet var at Eldrid vart invitert til Hollywood for innspeling av ei episode til den siste sesongen av Simply Quilts i 2005.
– Programleiaren synest det var kjempeflott. Berre å reise bort dit var ei oppleving – å få vere i studio og oppleve omgjevandane, smiler ho.
Etter programmet var Eldrid glad ho alt hadde ei heimeside på engelsk.
– Ja, det har gått mest mønster på engelsk. Eg har sendt mønster til heile verda. Då det var reprise på episoden, i Australia til dømes, så merka eg det fordi då kom det ein haug med bestillingar på mønster.

Bestillingsverk

Interessa for lappeteknikk og quilting fatta Eldrid på slutten av 1980-talet.
– Eg såg ei «log cabin-blokk» og tenkte at dette såg lett ut, så dette greier sikker eg. Og det gjorde eg.
Snart venta meir intrikate mønster, og bestillingsoppdrag.
– Dei seinare åra har eg lage ein god del bestillingsverk som eg ikkje har stilt ut. Det har gått i til dømes kyrkjetekstil, fortel ho.
Ein finn derfor messehaklar og antepedium til preikestol og lesepult, som Eldrid har laga, i dei fleste kyrkjene i Bremanger. Ho har også lært vekk det ho kan.
– Eg har halde ein del kurs og foredrag i quilting tidlegare gjennom Norsk quilteforbund, i Norge, Sverige og Danmark, fortel Eldrid.
Helsa gjorde at ho ikkje kunne halde helgekurs lenger, men ho gjekk då over til å halde kurs online.
– Eg har hatt leddgikt sidan eg var unge. Det har gått greitt sidan eg har vore ganske bra i fingrane og hendene.
– Held hobbyen sjukdomen i sjakk?
– Det å bruke fingrane og dei små bevegelsane er jo trening. Og så seier dei at når ein held på med noko ein er interessert i, så gløymer ein smertene fordi ein er så oppslukt av det.

onsdag 2. januar 2019

Godt nytt syår!!

Året 2019 er i gang, og mange av oss er no i gang med å førebu oss til kurset med Mali Storli Engedal neste helg, 11.-13.1!!

Slik det ser ut no, så har vi 3 ledige plassar  på kurset, så om det no er nokon som har veldig lyst til å bli med på kurset vårt, så har du høve til det no!! Du treng ikkje å være medlem for å bli med, men her gjeld det "først til mølla" for alle!!

Kontakt kursleiar Ingun snarast på  Tlf 99482474 for info og påmelding. Link til info om kurset er nederst på sida her.


Bilda er henta frå galleriet på sida til Libs Elliott. Her finn du fleire bilder av flotte quiltar.

Info om kurset er også lagt ut på bloggen her 4. desember.

tirsdag 25. desember 2018

Julekunst i tekstil!

Etter adventsserien med mange ulike forslag til julekort, så vil vi toppe dette med eit fantastisk julekort!

Tekstilkunstnaren Iina Alho har laga dette flotte kortet med dei tre vise menn.

(bildet er lagt ut etter samtykke av kunstnaren)


Om du ikkje kjenner til Iina frå før, bør du gjere eit besøk i bloggen hennar, Symaskinpoesi! 

Iina bur på Hamar og har drive med Art Quilt i lang tid, og har hatt fleire utstillingar på Hamar. Inspirasjonen hennar kjem frå ulike tema, sjå under her kva ho skriv på bloggen om kunsten sin:


"Når jeg lager mine art quilter, er jeg så å si alltid inspirert av lyrikk, litteratur, et sitat fra Bibelen, en sang eller en salme. Om en tekst beveger meg, føler jeg ofte at jeg ikke har noe valg: jeg sy en art quilt til den. Hvert bilde blir på denne måten et resultat av en unik kunstnerisk prosess."


På bloggen kan du sjå bilder frå utstillingar, utruleg mykje flott å sjå! Der står det også at neste utstilling vert på Hamar i juni 2020! Så sett av tidspunktet og planlegg eit besøk der!

Iina sine flotte arbeid finn du også på Instagram og Facebook


Bildet laga Iina julekort av på papir (fotobutikk på nett), slik vart kortet med blå kant på sidene. Eit flott tips til andre som vil bruke eigne quiltar som motiv på julekort!

Tusen takk til Iina for at ho deler slike flotte uttrykk i ord og bilder med oss. 

Underteikna har vore i kontakt med Iina og har fått lov til å legge ut dette bildet, så ekstra takk til deg Iina og God jul vidare!

mandag 24. desember 2018

24. desember!

Julafta! Og siste dagen  med julekort i adventskalenderen vår!

Dagens julekort er eit kort til deg sjølv og dine, det egner seg fint til stitchery.


Eit kjent motiv frå bibelhistoria knytt akkurat til denne dagen.

Dette bildet av mor, far og eit lite barn er også symbolet for tru, håp og kjærleik.

Den enkle forma med runde linjer gjer at bildet gjev eit rolig og fredfullt uttrykk.

NLQ ynskjer  alle våre medlemmer og andre som har følgt bloggen vår ei

GOD JUL!!
.....og håper at mange har hatt glede av å følge årets adventskalender!

Helsing
Mariann L. Hatlenes
-leiar-