torsdag 19. november 2020

Desembermøtet!

 Det er snart desember og vi skulle no ha gleda oss til årets koseligaste medlemsmøte. Som alle veit så må vi begrense mest mogleg møteaktivitet, så difor må de no førebu dykk på å lage til tilsvarande kos framfor pcen.

Så gjer dykk klar tysdag 1. desember kl 18.30 med både god mat, julepynt og koselig handarbeid. 

Alt foregår på den interne medlemssida vår på Facebook.

Vi skal ha Vis og fortel som vanleg, så bruk dei neste dagane til å ta bilder av quiltar i godt dagslys.

Som på alle julemøter tidlegare, så har Siv gleda oss med ein kjekk aktivitet. Vi kan ikkje skuffe dykk i år heller, så difor har vi no laga til julepakke til alle medlemmane som styret no distribuerer på ulikt vis. Nokre får den levert direkte, nokre blir lagt i postkassa av ein i styret og resten syter Posten for! Dette siste gjeld dei som ikkje bur i Nordfjordeid/Vågsøy-regionen.


Denne pakken kjem til deg snart, og om det ikkje står skrive noko utanpå, så skal den ikkje opnast før 1.12 kl 18.30!  (OBS! Kl 20 er det trekning! Lodd ligg i posen!)

Velkommen til ein koselig  digital kveld!

søndag 1. november 2020

Velkommen til novembermøte!

 Tysdag 3.11 er de velkomne til møte på Stokkenes Gjestegard til vanleg tid. 

Vi har hatt påmelding via  vår medlemsside slik at vi veit kor mange vi blir og kan organisere lokalet deretter. Om nokon har tenkt å komme og ikkje er påmeldt, så ta kontakt med Gitte.

Som på  forige møte, så vert det ikkje  felles kaffimat, det må de ta med sjølve i tillegg til termos med eigen kaffi/te. 

Vi skal ha eit aktivt møte denne gongen og håpar at de tek med dykk eige utstyr (symaskin).


Tema for kvelden er "Hjerter på tråd" v/Gitte

De har kanskje sett dei fine hjerta som ho har laga til julemesser, og no heng det fleire på den nye butikken Kreativ i Eidsgata. Dei heng på eit snøre som er litt over 1 m langt, 5 hjerter er festa på og kan brukast til pynt på vegg, i vindu mm. Fine som enkel julepynt og fine å gje vekk i presang!!

Du må ta med deg:

  • Blyant, tynn kartong til å tegne av maler og papirsaks.
  • Stoff i den fargen du ynskjer. Hold deg kanskje til ein fargetone og varier med mange ulike stoff! Stoffa må være minst 15 cm bredde og høgde. Fint å bruke smårester her!
  • Symaskin
  • Vatt
  • Sysaker
  • Pynteting til å feste på: perler, liten yoyo-mal om du har, band, knapper,.....sjekk i smykkeskrinet om noko der kan passe...
  • Tjukt hampesnøre eller band til å feste hjerta på.





Elles vert kvelden slik vi brukar å ha det med:
  • Kaffipause
  • Lotteri
  • Vis og fortel
  • Primula Design med  aktuelle varer
  • Og ikkje minst,.....mykje kjekk prat!

Velkommen!

onsdag 14. oktober 2020

Bilder frå septembermøtet!

 Ja tenk, det vart møte!! Og vi kosa oss i lag med god avstand. Aktiviteten var eit stitchery med haustmotiv og Primula Design stilte med nye butikkvarer.

Vis og fortel var både artig og innholdsrik, for første runde med Vis og fortel var å ta runden på mellom dei 18 frammøtte der alle viste fram SIN KAFFIMAT!! :) På grunn av strenge smitteverntiltak så var det inga servering, men alle hadde med sin termos og nisteboks! Og det funka flott!

Det var mykje fint å sjå av quiltar, så nyt synet!