søndag 31. august 2025

Velkommen til haustens første møte!

 Tysdag 2 . september er det endeleg tid for oppstart av haustsesongen! Og vi startar med langdag!!

Dørene opnar kl 12 og den som vil er velkommen til å sy i lag med andre. Nye medlemmer er velkomne til å sjå kva vi styrer med. Denne dagen er lokalet altså ope frå kl 12 -21.30. 

Ta med deg symaskina og det du held på med, eller start opp på noko nytt. Treng du hjelp eller råd om noko, så hjelper vi kvarandre!

Ta med deg niste!

Vi er vel klare til å sy meir av alle våre stoff i hyllene? Bildet er frå Jubileumsutstillinga vår.

Om du kjem rundt kl 12, så vil du også ha tid til ein pause og ein tur til sentrum der du kan handle stoff og utstyr hos Sybutikken Primula Design, butikken med den raude døra!!



 I tillegg så kan du få med deg ei opning av kunstutstilling i Kulturhuset Gamlebanken.  Kl 16 opnar Kjersti Bergesen si kunstutstilling, ho er årets operautstiller for Opera Nordfjord.

"Årets operautstillar er Kjersti Bergesen! 🤩 Tysdag 2. september kl. 16.00 opnar utstillinga "Mens du sover". Kultursjef Geir Holmen står for opninga, og det blir kunstnarleg innslag ved Eivind Kandal akkompagnert av Torstein Kollevåg. Hjarteleg velkomne! 💙"


Frå klokka 18.30 -21.30 vert det vanleg klubbmøte med:

  • Informasjon om og påmelding til kurset med Mona Rosvold
  • Plan for hausten med møte, syhelg og invitasjon til kurs i Vågå
  • Vis og fortel
  • Kaffipause med noko attåt
  • Lotteri

Vi håper at mange tek turen denne dagen, for det er viktig at alle får med seg informasjon om aktiviteten i haust.

Vi vil gjerne få med oss fleire på kurset med Mona, for dette er det einaste kurset vi arrangerer i haust, og tenk litt på at dette også kan være eit "julekurs" der du enten syr gåve eller syr i julefargar. Som regel tenkjer vi på å sy noko til jul når vi kjem til november, men av erfaring så rekk vi ikkje alt vi då kjem på!! Difor, .... vurder å bli med på lkurset med Mona, linjalen er enkel i bruk, mange har den ( ikkje dyr i innkjøp) og vi lærer veldig mange gode sytips med både saumar, fargeval, montering og quilting. Og som du ser av bilda, så kan ein bruke mange ulike stoff i lag, så plukk fram stoff i fargar du likar og har i hylla di!! Treng nok ikkje så mykje av kvart stoff!!

Her er nokre fargemodellar som vi har samla, så her er det rom for svært stor variasjon tilpassa td. årstider!













Om ein ikkje kan møte, men treng meir info enn det som er på denne sida og medlemssida vår, så ta kontakt med ein av oss i styret.

søndag 22. juni 2025

Bilder frå sommaravslutninga i juni!

 Sommaravslutning er tradisjon, då lagar vil til litt ekstra med god mat, vi har langbord og vi har sjølvsagt Vis og fortel.

Denne gongen vart underteikna svært overraska, for her hadde to medlemmar blitt  inspirert av "Clipart-bildet" som stod på innkallinga. Dei hade laga fine applikasjonsbilder til å montere på veske og pose. Veldig kjekt å kunne inspirere slik!!




Mange små praktiske poser til å ha i veska på tur!!

Dette er korsstingsbroderi!!



Praktisk "reisepose" til teposane!!


Eit kjøpeskjerf i silke, men med lappemønster!

Løpar under arbeid, frå årsmøtekurset vårt i vår!

Omslag til praktisk kokebok med plastlommer. Eit godt tips om ein skal gje vekk sine beste oppskrifter til barn eller venner!





Dette mønsteret skal vi ha kurs i med Mona Rosvold til hausten!  Posh Penelope.
Kontakt Janne om du vil melde deg på, vi har opa påmelding slik at andre enn våre medlemmer kan melde seg på her. Kursleiar har nr 90725996.








Jubileumsbåten vår "Nåla", sydd av Ragna!



Ein god gammaldags handarbeidspose,....mange har vel ein liknande??


















Nydelig applikasjonsteppe, mønster av Laura Heine , "Birch street"






Takke til matvertane som laga til både god stemning og god mat!!




GOD QUILTESOMMAR!